• Blogg
  • Vil sikre rettane til nynorskelevane

Vil sikre rettane til nynorskelevane

28.04.2020

Peder Lofnes Hauge Til Nettside

Peder Lofnes Hauge (31) kjem frå Gloppen i Nordfjord. Han er utdanna lærar og har i fleire år vore Venstre-rådgjevar i byrådet i Bergen.

– Nynorskelevane må få den same retten og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane har. I dag badar nynorskelevane i bokmål, meiner Peder Lofnes Hauge som er nyvald leiar i Noregs Mållag. 

Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Jannica Luoto

– Kva er dei viktigaste sakene for Noregs Mållag framover?

1) Digitale læremiddel. At nynorskelevane må få den same retten og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane har. I dag badar nynorskelevane i bokmål.

2) Språkdelte ungdomsskular. At nynorskelevane får rett til å gå i eigne klasser også på ungdomsskulen. Dette kan ikkje regjeringa trenere meir.

3) Sikring av nynorsk i staten. Regjeringa har foreslått å fjerne plikta statstilsette har til å meistre heile det norske språket. Det vil svekke statusen og stoda til nynorsk som bruksspråk.

– Korleis skal de jobbe for å få til dette?

– Kunnskapsminister Guri Melby og kulturminister Abid Raja (begge frå Venstre) sit i nøkkelposisjonar for å sikre dette. Dei er begge klare over kva mållaget ventar av dei. Felles for desse tre sakene er at det på ingen måte er urimelege krav. Desse krava burde heile regjeringa kunne slutte seg til. Om ikkje regjeringa leverer, må Stortinget rydde opp.

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret

 Kva er dei største utfordringane for nynorskelevane i skulen?

– Den kanskje aller største utfordringa er at dei ikkje har den same retten og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane. Opplæringslova hindrar ikkje nynorske klasserom frå å fløyme over av ei mengd digitale læringsressursar på bokmål. Når dei i tillegg gjerne har kontorstøtteprogram utan nynorsk retteprogram, så får nynorskelevane ei dårlegare språkopplæring enn bokmålselevane. Ingen kunnskapsminister kan sitje og sjå på at nynorskelevane er andrerangselevar. Det er også avgjerande viktig at elevane har trygge og språkmektige lærarar – det er den viktigaste einskildfaktoren for ei god og motiverande språkopplæring. Det er mange lærarar som strekkjer seg skikkeleg langt for at elevane skal få god nynorskopplæring, og desse fortener all mogleg takk, støtte og tilrettelegging.

– Bør nynorskelevane få rett til å gå i eigne klasser på ungdomsskulen?

Ja, fordi mange ungdomsskuleelevar med nynorsk som hovudmål i dag får store delar av undervisinga på bokmål. Slik kan vi ikkje ha det. Å få retten til å gå i eigne nynorskklasser også på ungdomsskulen vil gje ei betre språkopplæring og truleg redusere språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Stortingsfleirtalet bad i 2016 om ei utgreiing om retten til å gå i eigen nynorskklasse ut heile grunnskulen, men regjeringa, som er for dette i si eiga politiske plattform, har trenert saka. I statsbudsjettet for 2020 vart det vist til arbeidet med NOU-en om ny opplæringslov (NOU 2019: 23 Ny opplæringslov). Då NOU-en kom, tok ikkje utvalet stilling til spørsmålet, fordi dei meinte det var eit politisk spørsmål. No ligg ballen igjen på kunnskapsministeren sitt kontor – og eg forventar at Guri Melby set han i mål.

Lærar Foto Marius Beck Dahle Til Nettside
Illustrasjonsfoto: Marius Beck Dahle

– Korleis kan ein satse på nynorsk i lærarutdanningane?

– Det aller viktigaste er jo at studentane har kompetanse i både bokmål og nynorsk frå si eiga opplæring. Ferdig utdanna lærarar i Noreg må kunne skrive nynorsk. Det er diverre ikkje tilfelle i dag. Det gjev elevane eit dårlegare opplæringstilbod og bidreg truleg til negative haldningar til språket. Alle lærar-, lektor- og PPU-studentar må få opplæring og vurdering i nynorsk og språkrettane til elevane. Alle som skal undervise i norsk, må få opplæring i nynorskdidaktikk. I tillegg bør dei få tilbod om kurs og inspirasjons- og motivisasjonseminar. Eli Anne Eiesland, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg, har laga ein rapport som viser at det står frykteleg dårleg til med opplæring og vurdering i nynorsk på norske lærarutdanningsinstitusjonar. Eg vil be om eit møte med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim for å diskutere dette og høyre kva han og regjeringa vil gjere med det.

– Kva bør sikrast i den nye opplæringslova?

– Som eg har vore inne på: Retten til å gå i eigne nynorskklasser også på ungdomsskulen og sikring av nynorsken i digitale klasserom. Eg forventar at regjeringa – i motsetning til Nordrum-utvalet – ser at opplæringslova er ei sentral språklov. Det er på opplæringsfeltet store delar av språkpolitikken vert utøvd. Det er også ei rekkje andre ting vi må passe på, mellom anna er eg kritisk til å opne for fleire forsøk med engelsk som opplæringsspråk. Det er heilt unødvendig og undergrev målet om norsk som samfunnsberande språk.

– Kva forventar du av den nye språklova?

– Det utkastet som dåverande kulturminister Trine Skei Grande (V) og regjeringa sende på høyring, var i stort gledeleg lesing. Det er ei offensiv lov som mellom anna slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket nynorsk. Noregs Mållag er likevel sterkt kritisk til at Skei Grande foreslo at dei tilsette i departementet ikkje lenger må kunne skrive heile det norske språket. Det står igjen som eit språkpolitisk knefall for Høgre. Abid Raja kom kanskje ikkje til heilt blanke ark i Kulturdepartementet, men bør bruke fargestiftane sine til å rette opp feila frå i går. Dessutan meiner vi at Språkrådet må få sanksjonsmynde. Det vil sikre statusen til lova, og vi meiner det må svi å ikkje følgje lova.

– Har du noko anna som du har lyst å tilføye?

– Sjølv om nynorsken på mange måtar har vind i segla, er språket vårt stadig under press. Eit rekordstort Noregs Mållag skal kvesse knivane og arbeide for at alle skal kunne sjå og bruke språket sitt overalt. Eg vil ikkje høyre eitt ord om at mållaget stiller urimelege krav, før det er like enkelt å vere nynorskbrukar som det er å vere bokmålsbrukar i Noreg.