• Blogg
  • Ytring: Å skapa ei ny verd

Ytring: Å skapa ei ny verd

01.04.2016

Fantastisk litteratur

Fabelprosa, fantasy, fantastisk litteratur – kjært barn har mange namn. Det krev mykje å laga god fantastisk litteratur. Ikkje berre må forfattaren skapa personar me kan tru på, til tider må han eller ho òg byggja opp heilt nye samfunn og univers for lesaren.

Tekst: Arild Torvund Olsen

For at verda me les om, skal opplevast som noko meir enn berre kulissar, må forfattaren vita mykje meir om henne enn det me lesarar får ta del i. Geografi, historie, språk og kultur – alt må på plass. Dei fleste kjenner til det imponerande arbeidet til Tolkien, men me har i høgste grad folk som kan kunsten her til lands òg. Forfattarar som Asbjørn Rydland skildrar store mytologiar og små detaljar på eit poetisk vis som til saman skaper levande og truverdige fantasiunivers. Her er ei liste med nokre døme på fabelprosabøker på nynorsk:

Asbjørn Rydland: Drakeguten

Asbjørn Rydland har skrive fem bøker om Drakeguten. Rydland skriv godt, handlinga er spanande, fiksjonsuniverset han skildrar er stort, komplekst og levande, og heile serien høgst tilrådd.

  • Drakeguten (2010)
  • Med eld i hjartet (2011)
  • Mørkemanaren (2012)
  • Kampen om Kervad (2014)
  • Fredlaus (2015)

Terje Sander: Daudmannaland (2014)

I denne boka fylgjer me heile nitten ulike personar over ein periode på tre døgn. Å lesa boka kjennest slik sett meir ut som å fylgja ein god serie enn som å sjå ein film. Handlinga går føre seg i ei dystopisk framtidsverd der Ordenen, under leiing av Vespertino Borgen III, herskar over ein by der himmelen er svart, klasseskilja er store og der giftstormar herjar med jamne mellomrom. Etter kvart som handlinga skrir fram og me vert kjende med byen, vil vakne lesarar truleg kjenna att spor etter det som i dag er Bergen. Boka er skriven for vaksne, og høver for sterke lesarar i den vidaregåande skulen.

Lene Kaaberbøl: Villheks

Gjennom seks bøker fylgjer me den spanande forteljinga om den unge villheksa Clara. Kaaberbøl er flink til å skriva engasjerande og med stort driv, og det tek ikkje mange linene før me er midt i dramatikken.

  • Eldprøva (2012)
  • Viridians blod (2012)
  • Kimæras hemn (2013)
  • Blodsungen (2013)
  • Fiendeblod (2014)
  • Atterkomaren (2015)

Lars Mæhle: Landet under isen

Landet under isen blandar krim-sjangeren med fantastiske innslag. Mæhle hentar mykje av det overnaturlege i bøkene sine frå gamle religiøse forteljingar, og medan bok nummer éin henta mykje inspirasjon frå dei tre store monoteistiske religionane, er egyptisk mytologi og tilhøvet til dauden eit berande element i andreboka.

  • Landet under isen (2009)
  • Dødeboka (2014)

Lene Kaaberbøl: Skammarserien

Bøkene om Skammarens dotter vart ein stor suksess då dei fyrst kom ut her til lands, og det er ikkje utan grunn. Etter nokre få sider vert ein hekta, og ein får knapt til å leggja frå seg bøkene før ein er ferdig med heile serien. I serien møter me Dina, som bur saman med mor si og to sysken. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Andre viktige personar i serien er Davin, som er bror til Dina, og fyrstesonen Nico. I samband med at fyrste boka i serien er filmatisert, gjev Det Norske Samlaget no ut dei fire bøkene i skammarserien i nye utgåver.

  • Skammarens dotter (2002/2015)
  • Skammarteiknet (2003/2015)
  • Slangens gåve (2004/2015)
  • Skammarkrigen (2004/2015)

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten (2007)

På skulen vert Anna plaga av ein lokal gutegjeng, og ein dag sperrar dei henne inn i eit mørkt fyrrom. Medan ho kjempar mot mørkret som strammar til, høyrer ho røysta til mor si. Det er berre det at mor hennar vart borte for sju år sidan, og røysta høyrest berre i hovudet til Anna. Hendinga gjer at Anna freistar finna ut kva som hende med mor si den gongen, noko som fører henne gjennom Skuggeporten og inn i Nattlandet. På vegen må ho hanskast med ville draumar, kjempa mot daudingskuggane og, ikkje minst, finna ut kven ho sjølv eigenleg er.

Kristine Tofte: Song for Eirabu

Tobandsverket Song for Eirabu skildrar ei verd inspirert av norrøn mytologi og det sykliske verdsbiletet, der verder går under og nye kjem til. Hovudpersonane i boka er systrene Ragna og Berghitte. Dei er oppvaksne på Saksetunet, med ein mannevond smed til far, og med ei tafatt mor som er lite meir enn ein skugge. På imponerande vis får Kristine Tofte til å sameina det mytologiske og storpolitiske med skildringar som skaper levande, heile og truverdige menneske. Bøkene er skrivne for vaksne, og høver for sterke lesarar i den vidaregåande skulen.

  • Bok 1 • Slaget på Vigrid (2009)
  • Bok 2 • Vargtid (2012)

J.R.R. Tolkien

Eilev Groven Myhren har omsett dei to mest kjende Tolkien-verka (The Hobbit og The Lord of the Rings) til nynorsk. I desse omsetjingane talar dei ulike folkeslaga kvar sine nynorsknormalar, medan hobbitane talar halling.

  • Hobbiten (2008)
  • Ringdrotten (2006)