• Blogg
  • Ytring: Ut med gravalvoret, inn med humør og glede

Ytring: Ut med gravalvoret, inn med humør og glede

05.10.2021

Foto Ivar Myklebust Longvastøl

Nokre av elevane mine, som alle er flinke i norsk: Bak frå venstre David frå Chile, Sahar frå Iran, Beata frå Polen og Varun frå India. Framme frå venstre Zahra frå Iran, Nadia frå Paraguay og Mao frå Japan. Alle bur i Sunnfjord kommune. (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl)

Kva er ein «sakshandsamar»? Og «tungvint»? Kva betyr «vint», lærar?

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl

Det siste året har eg vore norsklærar for vaksne framandspråklege i nye Sunnfjord kommune, etter eit langt liv som bladfyk. Livet som lærar for vaksne studentar frå andre land er kjekt – og det kan vere utfordrande. Eg underviser på ulike nivå, frå ferskingar som knapt kan eitt ord norsk, til studentar som snakkar og skriv bra (B1- og B2-nivå).

For meg personleg er språk først og fremst glede i kvardagen. Den gode formuleringa og den kjappe og velplasserte replikken kan vere nok til å berge dagen for ein stakkar. Då smattar eg på orda – lenge – og tenkjer «Svarten, at eg ikkje kom på det sjølv.»

Eg har framleis svært mykje å lære som norsklærar, men éin ting er eg sikker på, at humør og glede i klassen er bra for språkopplæringa. Elevar som trivst og har det kjekt i norsktimane, lærer betre. Eit døme: ein student skulle snakke om «soverommet», men ho sa i staden «sofarommet». Feil, ja, men samstundes logisk, kreativt og nytt. Eit flott nyord for «stove», var vi samde om i klassen. Formuleringa fekk fram smilet, og studentane opplevde at språk er ufarleg og kjekt.

For vi må ufarleggjere språkopplæringa. Ut med gravalvoret og inn med humør og språkglede, er mitt motto.

Eg har opplevd det for nokre år sidan, men skal vere forsiktig med å påstå at det er slik framleis: ein lokal kjøpmann i nynorskland har skrive «melk» eller «salg» på ein plakat utanfor butikken, og deretter blitt jaga med verbale høygaflar og fordømmingar av målfolket. Ofte med lokalavisa på slep.

Ivar Longvastol Fullres 1
Ivar Myklebust Longvastøl (Foto: Samlaget, Bent Are Iversen)

Påstanden min, og her er eg kanskje på tynn is i 2021, er at målfolk og norsklærarar er verst. Kan ein finne ein liten feil, så er ein der med mikroskopet, rettepennen og fordømmingane. Eg trur ikkje at dette er vegen å gå. Skal unge og eldre gidde å bruke tid på å snakke, lese og skrive betre, må dei synast at norsk og norskopplæring er kjekt og ufarleg. Noko dei finn glede i og har lyst å bli betre på. Dette gjeld både oss som har vakse opp mellom bakkar og berg her nord, og dei som kjem frå andre land.

Som norsklærar for vaksne framandspråklege, anten dei er flyktningar, arbeidsinnvandrarar eller er gifte i Noreg, oppmodar eg alle studentane mine til å snakke, lese og skrive mest mogleg norsk på fritida. Det er ikkje så lett. I pausane trekkjer dei mot sine og snakkar morsmålet sitt. Det same gjeld heime. Naturleg, fordi det er mindre anstrengande å snakke sitt eige språk, og dei slappar av og kommuniserer betre. Eg har sjølv budd i utlandet ein lengre periode, og gjorde det same – trekte mot det norske miljøet i Cape Town.

Mange av studentane mine i Sunnfjord seier at det er vanskeleg å komme i kontakt med nordmenn, og dermed er det heller ikkje lett å snakke så mykje norsk på butikken eller med grannane. Terskelen er høg nok frå før.

Det er vanskeleg å forklare kva ein «sakshandsamar» er for noko, for folk som har eit avgrensa ordforråd på norsk. Ordet «tungvint» brukar eg truleg kvar dag, men kva «vint» kjem av, visste eg ikkje før studenten frå Russland spurde, og eg måtte finne det ut. Det skal kanskje vere tungvint å lære norsk? Men kjekt skal det vere, uansett.