Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga

Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga er eit frittståande nettverk som har som mål å fremme likeverd for nynorsk i universitets- og høgskolesektoren gjennom samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane i heile Noreg. Alle studiestader som tilbyr lærarutdanning, er inviterte og kan delta med to personar kvar. Nynorsksenteret er administrativt ansvarleg for nettverket.

Sakprosautsnitt Stort

Nettverket skal arbeide med:

  • å fremme saker overfor Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet, uttale seg om planar og høyringar der det kan vere naturleg
  • å bidra i arbeid med nasjonale strategiar og satsingar for kompetanseutvikling for betre og meir nynorsk
  • å spreie kunnskapar om nynorskforsking og nynorskopplæring, også internt på eigen institusjon
  • kvalitetssikring og kvalitetsheving av nynorskopplæringa i lærarutdanningane, slik at studentane får ein likeverdig kompetanse i nynorsk og bokmål
  • erfaringsutveksling om nynorsk og nynorskopplæring i lærarutdanningane
  • å vere eit diskusjonsforum for å teste idéar og gje kvarandre råd
  • å halde leiinga ved institusjonen og andre kollegaer informerte om nettverket og problemstillingar som blir drøfta der

Bakgrunnen for nettverket

Nettverk for nynorsk i lærarutdanningane vart etablert på bakgrunn av brev av 17.12.2014 frå Kunnskapsdepartementet til alle grunnskulelærarutdanningane. Nettverket har to deltakarar frå dei fleste grunnskulelærarutdanningane i landet.

I brevet av 17.12.2014 skriv Kunnskapsdepartementet:

«Rammeplanene beskriver læringsutbyttet for GLU-programmene. Institusjonen har ansvar for å dokumentere at kandidatene har oppnådd det fastsatte læringsutbyttet. Kunnskapsdepartementet forventer derfor at institusjonene nøye vurderer egen institusjons praksis opp mot kritikken fra PROBA-rapporten og Følgegruppen, og setter i verk nødvendige tiltak slik at det blant annet er nødvendig helhetlig ledelse av utdanningene. Institusjonene må selv vurdere behov for nasjonalt samarbeid for utvikle gode vurderingsformer som sikrer god dokumentasjon.»

Nynorsksenteret har teke initiativ til å danne dette nettverket fordi vi trur at vi kan vere ei støtte i lærarutdanningane sitt arbeid med å sikre nynorskkompetansen til komande lærarar. Første samling i nettverket var i Bergen 20. oktober 2015 på Scandic Bergen City. Dette seminaret var meint å vere starten på nettverket og ei erfaringsutveksling om nynorsk i lærarutdanningane.

Kontaktpersonar