Klassiske korttekstar i vaksenopplæringa
Peer Gynt teikna av Hans Gude
Desse korttekstane kan hjelpe til i arbeidet med å formidle eit heilskapleg historisk og kulturelt perspektiv for elevane.
Romeo og Julie
- Kven har skrive skodespelet om Romeo og Julie?
- Kvar og når levde forfattaren?
- Kvar bur Romeo og Julie?
- Kvar møtest dei to?
- Kva skjer når dei møtest?
- Kvifor får dei ikkje gifte seg?
- Kva skjer med Romeo og Julie til slutt?
- Kva tankar gjer du deg om skjebnen til dei to?
- Kva kan vi lære av denne historia?
Bruk spørsmåla til å skrive ein tekst som heng saman. Hugs å bruke bindeord (og, men, som).
Roald Amunsen og Robert Scott – ekspedisjonen til Sørpolen
Spørsmål til første arket
- Kven handlar denne teksten om?
- Kva eigenskapar har ein oppdagar?
- Kvar ville Amundsen reise for å oppdage nye område?
- Kva lærte han av inuittane?
- Kva slags klede er best når det er veldig kaldt?
- Kvifor er polarhundar eit godt val når ein skal reise i sterk kulde?
Spørsmål til andre arket
- Kva tid var kappløpet mellom Amundsen og Scott mot Sørpolen?
- Kva var utdanninga til Robert Scott?
- Kva type transport brukte Scott?
- Kva type transport brukte Amundsen?
- Kva skjedde med transportmidla til Scott?
- Kva skjedde med Scott og mennene hans?
- Kvifor var ekspedisjonen til Amundsen vellukka?
Et dukkehjem
- Kven var Henrik Ibsen?
- Kva kan vi lære av Et dukkehjem?
- Er det liknande forteljingar i din heimkultur?
- Kan du skildre skodespelet med fem korte setningar?
- Kan du i fem korte setningar skildre det Ibsen er mest kjend for i forfattarskapet sitt?
- Dramatiser Et dukkehjem i klasserommet ved hjelp av ei kort og konsis handling og replikkar. De kan improvisere ut frå stikkord.
Peer Gynt
- Kva er Peer Gynt?
- Kven og kva er Ibsen inspirert av når han skriv Peer Gynt?
- Kva verkemiddel bruker Ibsen når han skriv Peer Gynt?
- Sjå klipp frå teaterstykket: https://tv.nrk.no/serie/peer-gynt-kveld/sesong/1/episode/4
- Kva er moralen i teaterstykket?
Idé og gjennomføring: Jorunn Torheim Vik, Volda læringssenter, og Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret