Nynorsk over alle grenser gjev ei innføring i særtrekk ved nynorsk rettskriving. Oppgåvene er laga av Torill Tørjesen og Pål Wiik, som har mange års røynsle som norsklærarar på Holmlia i Oslo.
Munnleg begynnaropplæring i norsk. A1, A2, ungdomsskule og vidaregåande. Verket inneheld lærebok, aktivitetsbok, lærarnettstad, elevnettstad og aktivitetsboks.
Sida Barnebøker for Norge gjer 40 forteljingar frå African Storybook tilgjengelege på dei største innvandrings- og flyktningspråka i Noreg, i tillegg til nynorsk og bokmål.
Forfattarane Erna Osland, Asbjørn Rydland og Aina Basso har laga ei samling med små forteljingar. Tekstane ligg ute som brettebøker, slik at borna kan skrive ut ark og sjølve brette dei til bøker.
Teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy finst på mange språk, mellom anna ukrainsk, arabisk, engelsk, fransk og nynorsk. Alle utgåvene ligg gratis på nett. Slik kan du lett få tilgang til artige tekstar som kan nyttast til tospråkleg arbeid.
Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok med bilete, tekst og lyd inndelte etter tema. Biletordboka kan vere eit utgangspunkt for arbeid med språk i barnehage, skule og vaksenopplæring. Ho inneheld eit grunnleggande ordforråd, hovudsakleg substantiv og adjektiv.
Ved å setje nynorsk som føretrekt språk i operativsystemet får du nynorsk på dei nettsidene og programma som tilbyr det. Her kan du lese korleis du gjer det.