Leit og finn i Vrimleby

Vrimleby

Leit og finn i Vrimleby (Vinter – vår – sommar – haust) av Rotraut Susanne Berner. Samlaget 2019.

Leit Og Finn I Vrimleby Vaar
Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby (Samlaget 2019)

Serien om Vrimleby er komen i ny utgåve med fire bøker, ei for kvar årstid. Den første sida i kvar bok presenterer personane og inviterer til å starte ei historie og følgje dei vidare gjennom året i Vrimleby. Ein kan følgje personane frå side til side og sjå korleis arbeidet tek form på byggjeplassen, korleis naturen endrar seg etter årstidene, korleis personane endrar handlingar og gjeremål etter vêret, og mykje meir. Dette er bøker som ein kan lese igjen og igjen og likevel finne noko å snakke om.

Nytt i denne utgåva av Vrimleby-bøkene er feltet nedst på oppslaga, med nokre av teikningane og orda attmed. På denne måten vert det enklare å snakke om teikningane og å bruke nye og andre ord enn ein kanskje kjem på sjølv. Med den nye ordbokdelen nedst på sida er bøkene aktuelle også for eldre born og vaksne som skal lære norsk.


Tema

Desse temaa er med i alle bøkene, med årstidsvariasjonar:   

  • Hagearbeid, natur, gardsarbeid
  • Verkstad, bensinstasjon, sirkus
  • Jernbanehall, buss, transport
  • Kulturhus, barnehage
  • Torget, bybiletet
  • Kjøpesenter, reisebyrå
  • Park, kafé, leikeplass