Klassiske korttekstar i vaksenopplæringa

Gude
Peer Gynt teikna av Hans Gude

Desse korttekstane kan hjelpe til i arbeidet med å formidle eit heilskapleg historisk og kulturelt perspektiv for elevane.

Romeo og Julie

  1. Kven har skrive skodespelet om Romeo og Julie?
  2. Kvar og når levde forfattaren?
  3. Kvar bur Romeo og Julie?
  4. Kvar møtest dei to?
  5. Kva skjer når dei møtest?
  6. Kvifor får dei ikkje gifte seg?
  7. Kva skjer med Romeo og Julie til slutt?
  8. Kva tankar gjer du deg om skjebnen til dei to?
  9. Kva kan vi lære av denne historia?

Bruk spørsmåla til å skrive ein tekst som heng saman. Hugs å bruke bindeord (og, men, som).

Stripe

Roald Amunsen og Robert Scott – ekspedisjonen til Sørpolen

Spørsmål til første arket

  1. Kven handlar denne teksten om?
  2. Kva eigenskapar har ein oppdagar?
  3. Kvar ville Amundsen reise for å oppdage nye område?
  4. Kva lærte han av inuittane?
  5. Kva slags klede er best når det er veldig kaldt?
  6. Kvifor er polarhundar eit godt val når ein skal reise i sterk kulde?

Spørsmål til andre arket

  1. Kva tid var kappløpet mellom Amundsen og Scott mot Sørpolen?
  2. Kva var utdanninga til Robert Scott?
  3. Kva type transport brukte Scott?
  4. Kva type transport brukte Amundsen?
  5. Kva skjedde med transportmidla til Scott?
  6. Kva skjedde med Scott og mennene hans?
  7. Kvifor var ekspedisjonen til Amundsen vellukka?
Stripe

Et dukkehjem

  1. Kven var Henrik Ibsen?
  2. Kva kan vi lære av Et dukkehjem?
  3. Er det liknande forteljingar i din heimkultur?
  4. Kan du skildre skodespelet med fem korte setningar?
  5. Kan du i fem korte setningar skildre det Ibsen er mest kjend for i forfattarskapet sitt?
  6. Dramatiser Et dukkehjem i klasserommet ved hjelp av ei kort og konsis handling og replikkar. De kan improvisere ut frå stikkord.
Stripe

Peer Gynt

  1. Kva er Peer Gynt?
  2. Kven og kva er Ibsen inspirert av når han skriv Peer Gynt?
  3. Kva verkemiddel bruker Ibsen når han skriv Peer Gynt?
  4. Sjå klipp frå teaterstykket: https://tv.nrk.no/serie/peer-gynt-kveld/sesong/1/episode/4
  5. Kva er moralen i teaterstykket?
Stripe

Idé og gjennomføring: Jorunn Torheim Vik, Volda læringssenter, og Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret