Praksisforteljing del 1: Tempus og perspektiv

Eg fortalde kort om boka og forfattaren. Då la eg vekt på at denne teksten var samansett av korte, lettlesne kapittel som fortalde ei underhaldande historie som var skriven for born og unge, men som gjerne kan lesast med utbytte av vaksne òg. Dei fekk vite at det finst fleire liknande bøker av same forfattar, og mange ytra ønske om å låne desse på biblioteket. Elevane fekk vite at dette er eit opplegg laga av Nynorsksenteret med tanke på språkarbeid i deira elevgruppe.

Elevane fekk utlevert tekst og las først stilt kvar for seg. Så las vi saman, avsnitt for avsnitt. Dersom nokre ord var ukjende, forklarte eg desse. Vi såg ut glaset og fann eit «naust» inne på Andaneset, og eg forklarte om «våg» og «vik». Dette tok ca. ein skuletime. Særleg verba vart fokuserte og demonstrerte. Orda«smyge» og «liste» vart forklarte og opna for ei innføring i kor mangfaldig verbet «gå» eigentleg er dersom vi skal utdjupe fenomenet (slentre, marsjere, spankulere …).

Vi såg på tempus (presens) og perspektiv (eg-forteljar) og prata om kva dette tekstgrepet gjer med lesaren. Handlinga er akkurat no, og vi er heilt nær den som fortel. Personleg pronomen 1. person snakka vi også om og fokuserte på dialektiske variasjonar.

Elevane leita på eiga hand og fann alle verba i teksten før vi hadde ei felles oppsummering. Etterpå gjorde vi teksten om frå presens til preteritum og fann dei svake og dei sterke verba. Nokre elevar tok kvart sitt avsnitt. Dette gjekk rimeleg bra, men elevane har svært ulik innsikt i denne grammatikken. Vi vart ikkje heilt ferdige med å leite etter sterke og svake verb i den totale teksten, det tek vi att.

Vi arbeidde så med synonym av verbet «gå». Elevane sat i eigne språkgrupper og samsnakka om ulike karakteristiske måtar å gå på og kva ord ein brukar på eige språk. Dette var kjekt og genererte aktivitet i form av rørsle så vel som samtale. Vi hadde eksempel på smyging, listing, marsjering, diagonalgang og passgang, tusling, tassing og slentring. Her synte det seg at vi såg svært ulikt på fenomenet «slentring» i Noreg og i Somalia. I Somalia slentrar kvinnene når dei svingar seg elegant gjennom gatene og ønskjer at menn skal oppdage dei. Her hjå oss i vesten er vel slentring helst ein maskulin gang-art. I Eritrea har dei ein gang-art som omsett til norsk vert kalla «tenkegåing», når ein går i eigne tankar.

Volda Læringssenter 12.06.2015, Jorunn Torheim Vik