Praksisforteljing del 2: Ordkjeder og ordpar

Vi las teksten saman.  Vi hadde lese kapittelet før, men det var likevel nyttig å lese det ein gong til. No las vi med vekt på ord som heng saman.

Som alltid er denne typen aktivitet ganske uføreseieleg. Du veit aldri kva språkleg fenomen som får mest merksemd, eller først merksemd. Denne gongen vart det «dit» og «hit». Elevane ville samanlikne med «der» og «her», småord dei ofte nyttar, og gjerne på feil måte. Elevane seier gjerne: «Eg går der borte» når dei meiner at dei skal gå bort dit. Vi snakka mykje om samanhengen for bruken av desse ordpara.

Ordet «bortanfor» kom så, brukt i samanhengen «bortanfor huset vårt». Kva tyder så det? Vonleg fekk vi ei felles forståing av ordet som uttrykkjer avstand og plassering i høve til noko, huset vårt.

«Ein sti er ein tynn veg», seier ein av elevane.

Kva vil det seie å «ta seg fram»? Ikkje så lett å forstå tydinga av dette uttrykket.

«Skvulping», kva er det? Vi opnar glaset og høyrer på vatnet utanfor, der små bølgjer daskar mot kaia. Er skvulping ein god eller dårlig lyd ? «Den er ikkje god for ein flyktning som har opplevd å krysse Middelhavet i open båt», seier ei av damene.

Verbet «bivrar» er sjølvsagt ukjent, men ikkje vanskeleg å forklare.

«Eg kjenner det på meg» er også eit uttrykk som våre elevar ikkje brukar, men dei skjønar fort kva som ligg i desse orda.

Enno er der fleire språkfenomen i teksten vi ikkje har vore borti, og eg konstaterer at dette er ein tekst metta med spennande detaljar som vi godt kan komme tilbake til.

Volda Læringssenter 12.06.2015, Jorunn Torheim Vik