Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Frå boble til bokstav

I dette opplegget ser vi på korleis ein teikneserie, Kongen i havet, kan vere utgangspunkt for å lage ei skriftleg forteljing, og eit eksempel på korleis teikneserien Cordelia kan vere utgangspunkt for ei novelle.

Av Marit Wadsten
Illustrasjon: Katarina Aasgaard Strømsvåg (frå Kongen i havet)

Kongen i havet

Skrivehandling og formål

Formålet med desse skrivehandlingane er å konstruere eigne tekstverder eller fantasiverder, og sjølve skrivehandlinga krev at elevane førestiller seg, ser for seg, fortel, og skaper sin eigen tekst ut frå teikneseriane (jf. Skrivehjulet).

Sirkelen for undervisning og læring

Dette opplegget kan brukast som ein del av eit heilskapleg undervisningsopplegg om teikneseriar der klassen først arbeider med å bygge kunnskap om teikneserie som sjanger og deretter dekonstruerer ein modelltekst. Så utgjer dette opplegget fasen der ein skal konstruere tekst i fellesskap. Til sist kan elevane skrive individuelt og lage sine eigne teikneseriar. (Jf. Sirkelen for undervisning og læring.)

Forteljing med utgangspunkt i Kongen i havet

Novelle med utgangspunkt i Cordelia

Teikneseriane

Last ned serien som PDFLast ned Cordelia som ein PDF til utskrift.

 

Last ned serien som PDFLast ned Kongen i havet som ein PDF til utskrift.

 

Marit Wadsten

Marit Wadsten er tilsett ved Nynorsksenteret og har mastergrad i nynorsk skriftkultur. Ho har undervisningspraksis frå grunnskulen og kulturskulen og frå Høgskulen i Volda.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.