Slik får du Windows på nynorsk
Dersom du vil ha Windows på nynorsk (og vil unngå at stavekontrollen i Word hoppar over til bokmål heile tida), må du installera ein nynorsk grensesnittpakke, setja nynorsk som Windows-visingsspråk og føretrekt språk og velja nynorsk tastatur. Slik gjer du det:
- Gå til innstillingar (du finn dei ved å trykkja på startknappen og deretter det vesle tannhjulet).
- Vel «Tid og språk».
- Vel «Språk og område» i menyen.
- Her kan du velja nynorsk som visingsspråk. Dersom nynorsk ikkje ligg inne som eit val i nedtrekksmenyen, kan du lett installera det ved å trykkja på «Legg til et språk» og leita opp «Norsk (nynorsk)».
- Etter at du har installert nynorsk, må du sjå til at «Norsk (nynorsk)» ligg øvst på lista over føretrekte språk og er sett som Windows-visingsspråk.
- Pass på at tastaturoppsettet er sett til nynorsk, slik at maskina skjønar at det du skriv, er på nynorsk. Du sjekkar inndataspråket ved å sjå bokstavane som står nede i høgre hjørne på skjermen. Dersom det står NNO der, er alt rett. Dersom det står NOB (eller noko anna), kan du trykkja på bokstavane og velja «NNO Norsk (nynorsk)».