Bok på 1-2-3: Eg og Pontus går for gull

Undervisingsopplegg for 3.–7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk.

Eg og Pontus er ikkje slik som du. Vi tenkjer oss aldri om to gonger. Vi gjer alt det du fann ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus vekkjer til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, ranar kongen, fiksar ein revolusjon og feirar durabeleg etterpå. Alt på ein dag. Så reiser vi vidare.

Heile boka Eg og Pontus går for gull er skriven på rim, som eit langt dikt eller ein ballade. Forfattaren, Odd Nordstoga, er kan hende betre kjend som musikar og låtskrivar. Nordstoga har røter i folkemusikken, og det kan vi høyre i mange av songane hans. Både i denne boka, og i folkemusikken før og no, er dans og livsglede viktige moment.

Tilleggsressursar