Bok på 1-2-3: Frosken og den framande

Tverrfagleg undervisningsopplegg om Frosken og den framande av Max Velthuijs for 5.–7. trinnet i norsk. Tema er folkehelse, livsmeistring og demokrati. Drama er eit sentralt pedagogisk verktøy i undervisninga.  

Tid: 90 minutt

Ein dag kom ein framand fyr og slo seg ned i skogkanten. Det var grisen som først fekk auge på han. Grisen og anda meinte at dette var eit sjofelt og skittent dyr ein måtte passe seg for. Men frosken var ikkje så sikker på at dei hadde rett i dette. Så om kvelden, då mørkret fall, kraup han nærmare for å sjå sjølv …

Boka

Max Velthuijs: Frosken og den framande (bok til skjermlesing frå sida til Nasjonalbiblioteket)