Bok på 1-2-3: Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar
Av Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby
Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk, naturfag og musikk. Tema berekraft, natur og miljø. Passar på 1.–4. trinnet.
Tid: 90 minutt
Vi møter Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar i deira heilt vanlege fugleliv. Dikta fram med morosame, nære og engasjerande situasjonar på rim. Dikt og illustrasjonar kvitrar saman på ein måte som gjer at barn lærer om og kjenner att fuglane når ein sprett rundt i nærmiljøet. Boka har eit nærvær som engasjerer og inspirerer. Ho gjer lesaren merksam og utfordrar det vi allereie kan og veit, eller kanskje tek for gitt, om fuglane som omgir oss.