Bok på 1-2-3: Katten og kråka

Tverrfagleg undervisingopplegg for barneskulen i norsk og kunst og handverk.

Tid: 60 minutt

Katten og kråka er ein teikneserie i fantasy-sjangeren. Ein trollmann leier folket sitt tilbake til borga dei måtte flykte frå den gongen fjellet eksploderte i eit vulkanutbrot. Lite veit dei at noko stort og farleg har flytta inn i borga … det er det berre katten og kråka til trollmannen som har oppdaga. Men dei kan ikkje seie det til trollmannen, fordi han er udugeleg og berre let som at han skjønar kva dei seier.

Då er det opp til katten og kråka å redde dagen.

Stripe

Boka

Du kan sjå og høyre opplesing av utdraget i videoen under.