Matvers

Rim, rytme, songar og regler er viktige element i barna si språkstimulering, og eit felles matvers bidreg til at borna opplever felles samling omkring måltidet. Her finn du ei lita samling med nynorske matvers. Versa kan lesast eller syngjast som bordvers.

Last ned matversa (PDF)

Matdikt Eple

Eit eple veks fram

Eit eple veks fram frå ei blømande grein
To geiter spring rundt på lette bein
Tre fiskar glitrar så blankt i ein fjord
Fire poteter ligg djupt i si jord

Tenk å få ete seg mett kvar ein dag
Kom, lat oss ete og drikke i lag

Hilde Myklebust

Last ned verset (PDF)
Last ned notar (PDF)

Musikk: Gaute Øvereng 
Songarar: Nora Jenny Øvereng og Hedda Jonette Øvereng

Matdikt Heksa

I dag tidleg

I dag tidleg, klokka seks, vakna det ei lita heks
I dag tidleg, klokka sju, mjølka ho ei bjølleku
I dag tidleg, klokka åtte, rydda ho si heksegrotte
I dag tidleg, klokka ni, kutta ho ein brokkoli
I dag tidleg, klokka ti, brygga ho litt hekseri
Kokte ein time frå elleve til tolv:
flugesopp, negler og rusk frå eit golv,
froskar, bein og ein sur mjølkeskvett
No vert det godt å få ete seg mett!

Hilde Myklebust
Fritt etter eit tysk barnerim

Last ned verset (PDF)

Matdikt Ormen

Ormen lange

Ormen lange
kraup som ein slange
under eit gjerde.
Tok seg ei pære.
Delte ho i to.
Ver så god!

Tradisjonelt rim

Last ned verset (PDF)

Her kan du til dømes samle handflatene framfor deg og bukte armane opp etter kvart som regla seier at ormen kryp «under eit gjerde» og «tok seg ei pære» og så vidare.

Matdikt Sola

Jorda gav oss maten vår

Jorda gav oss maten vår,
mogna av ei sol so klår.
Kjære sol og kjære jord,
takk for alt som veks og gror.

Christian Morgenstern
Attdikta frå tysk av Arild Torvund Olsen

(Verset kan syngjast på melodien til «Kua mi»)

Last ned verset (PDF)

Matdikt Auga

Auga kan stire

Auga kan stire så langt og så vidt
Øyra kan høyre ein glad kvirrevitt
Nasen kan lukte i lufta så fritt
Munnen kan ete, så ver så god sitt
God appetitt!

Hilde Myklebust
Fritt etter eit engelsk barnerim

Last ned verset (PDF)

Illustrasjonane er laga av Per Ragnar Møkleby.