På fanget

Vi har fått tilsendt mange rim og regler frå tilsette i skule og barnehage, og frå privatpersonar. I samlinga her presenterer vi ein del av dei. Kanskje kan du nokre av dei frå før eller har ein lokal variant der du bur? Nynorsksenteret takkar hjarteleg for alle bidraga.

Språket i slike vers er munnleg, og det er derfor ei vurdering korleis vi skriv ned somme ord og vendingar. Her finn du nynorske rim og regler, med innslag av dialektord og munnleg oppbygging av setningar. Vi har valt å skrive kvar i landet vår versjon er frå, men veit at det finst mange versjonar av mange av versa.

Last ned rima som PDF til utskrift: På fanget (PDF)

Rim Fanget 530
Illustrasjon: Are Edvardsen

Kom ei lita mus, skulle finna seg eit hus, ikkje her, ikkje her, men der!

(Du kitlar deg fram til der musa bur)

Frå Sunnhordland

Det kom ei lita mus
som ville ha eit hus.
Ikkje her, ikkje her, men der!
(du kitlar deg fram til der musa bur)

Det kom ein liten frosk
som laga seg ein kiosk.
Ikkje her, ikkje her, men der!

Så kom det fram ein hest
som ville ha ein fest.
Ikkje her, ikkje her, men der!

(Her kan du, gjerne saman med barnet, finne på vers om fleire dyr.)

Huske på fanget,
heisann og hopp,
så moro å vere liten.
Huske på fanget,
heisann og hopp,
huske til han far vert sliten.
Verda er stor og verda er rar
og verda er best på fanget til far.
Åååååå heisann. 

Huske på fanget,
heisann og hopp,
så moro å vere lita.
Huske på fanget,
heisann og hopp,
huske til ho mor vert slita.
Verda er rar og verda er stor
og verda er best på fanget til mor.
Åååååå heisann.

Frå Voss 

Høgt, høgt, høgt i eit epletre
kikkar to små eple ned.
Vi ristar på treet så hardt vi kan
og ned fell epla. Nam nam nam.

(Liggjande på rygg på golvet, med knea opp mot brystet og barnet liggjande på leggane.)

Frå Voss

Gå i skogen, gå i skogen, hogga ved, hogga ved, frysa på føtene, frysa på føtene, springa, springa, springa, springa heim, springa, springa heim.

(Barnet sit på fanget eller ligg på ryggen. Den vaksne lagar rørsler etter teksten)

Teljeregle

1-2-3-4-5-6-7, reven er ein hønsetjuv. 7-6-5-4-3-2-1, reven stal eit hønsebein.

Trø fimpen

Denne skal ein seie med ein liten tass sittande på ein gyngande fot (a la ride ranke):

Trø fimpen – Trø fimpen – Trø fimpen no mens du er ung!
For når du blir gamal så blir du for tung og kan ikkje lenger trø fimpen!

Frå Trondheim/Volda

(Ri med barnet på fanget)
Tillan-fot og tillan-fot
og lokke etter geita.
Tillan-fot og tillan-fot
og bums nedi veita. 
(La barnet «falle» mellom beina)

Frå Ørsta