• Blogg
  • Ytring: 481 skular

Ytring: 481 skular

24.02.2020

Skulegut

– Eit blogginnlegg om tal, men også om det digitale klasserommet.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Nynorsksenteret
Foto: Klimkin, Pixabay 

I samband med eit prosjekt fekk eg i oppgåve å finne ut kor mange skular i landet som har elevar med nynorsk som hovudmål på 2. og 3. trinn. Det skulle sendast ut noko materiell, og spørsmålet var: Kor mange skular var det eigentleg snakk om? Det handla altså ikkje berre om nynorskskular, men skular der ein eller fleire elevar har nynorsk som hovudmål på dei to trinna.

GSI, Grunnskolens Informasjonsystem, er staden å leite om ein vil finne svar på slikt. Ein dag eg var i eit ekstra nysgjerrig teljehumør, sette eg i gang. Det er nemleg relativt enkelt å sjå i systemet kor mange elevar på kvar skule og kvart trinn som har nynorsk eller bokmål som hovudmål. Det er til dømes fort gjort å sjå at det pr. dags dato er 75 245 av dei totalt 554 492 elevane på 1.–10. trinn som har nynorsk som hovudmål.

Men kor mange skular har nynorskelevar på 2. og 3. trinn? Her finst ingen enkel summeringskolonne, så då var det berre å begynne å telje.

Etter kvart som eg gjekk gjennom tabellen fylkesvis, med stivt blikk og teljestrekar på papiret, tok eg til å tenkje over kor mange det faktisk var. Og vilkåra for nynorskelevane på kvar av skulane:  Nokre av skulane er store, med fleire parallellar på kvart trinn. Dei ligg i byar eller tettstader der «alle» brukar nynorsk til dagleg. Andre skular ligg i område der bokmål dominerer. På nokre skular er det berre ein eller to elevar på dei trinna eg såg på, som har nynorsk som hovudmål. Atter andre igjen er små nynorskklasser eller -skular i grenseområde ved byar med bokmål som dominerande målform.

Til saman talde eg 481 skular med elevar på 2. og 3. trinn med nynorsk som hovudmål. Desse skulane med til saman 15 383 nynorskelevar er fordelte på sju av 11 fylke. Talet er sjølvsagt høgare om vi tek med alle trinna i grunnskulen. Det betyr at lærarar over store delar av landet driv begynnaropplæring på nynorsk. Alle 7, 8 og 9-åringane i denne undersøkinga har rett til læremiddel på nynorsk, både trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, uansett om dei er få eller mange i klassen. Og dei har rett til å ha ein lærar som kan lære dei det dei treng, på den målforma dei har valt. 

Til vanleg arbeider eg med bokstavar og ord, og sjeldnare med tal. Likevel var denne teljinga ei påminning om at nynorskelevane er spreidde over store delar av landet og har svært ulike vilkår for språklæringa si. Samstundes er det også mykje likt, og i det digitale klasserommet sit elevane saman, sjølv om dei er fordelte på 481 skular. Elevane treng at skuleeigarar, -leiarar, lærarar, foreldre og alle vi andre seier ifrå om at det trengst ei stor nynorsk digital satsing. Dei treng vaksne som både gjer det beste ut av situasjonen slik han er no, men som også seier tydeleg og klart ifrå om at det trengst meir. Språklæring i den digitale kvardagen er kanskje den største utfordringa for dei yngste nynorskbrukarane i dag.

Vi går tilbake til tabellen igjen. 481 skular er mange teljestrekar. Det er ikkje ei lita og ubetydeleg gruppe, og gruppa kan og bør seie ifrå. Det er tid for meir økonomisk støtte til utviklarane, men det trengst også tydelegare press frå marknaden.