• Blogg
  • Å bruke felleslesing for å utvikle god leseforståing

Å bruke felleslesing for å utvikle god leseforståing

19.10.2016

Lissner graa

Felleslesing er ein undervisingsmetode i lesing i skulen utvikla av Donald Holdaway, leseforskar frå New Zealand. Ideen bak metoden er at læraren og elevane les ein tekst i fellesskap og utvekslar tankar rundt teksten. Prosessen er styrt og modellert av læraren.

Tekst: Eirik Lissner, lærar, lærebokforfattar og forteljar

Hovudmålet for felleslesinga er at elevane skal få gode opplevingar med det å arbeide med tekst. Dei skal lære seg å tenkje kritisk, sjå korleis mindre delar av ein tekst er sette saman til ein større heilskap, snakke saman og bruke bakgrunnskunnskapane sine og ulike lesestrategiar for å forstå mest mogleg av innhaldet. Holdaways modell for felleslesing («Shared reading») består av fire delar:

  1. Modellere lesinga
  2. Delta i lesinga
  3. Praktisere sjølv
  4. Presentere sjølv og vise til andre

Gjennom felleslesing blir elevane betre på avkoding, leseflyt og å sjå samanhengar i teksten, og får utvida omgrepsapparatet sitt. Læraren tek utgangspunkt i forkunnskapar elevane har, og hjelper dei til å velje funksjonelle lesestrategiar for å forstå innhaldet i teksten.

Organiseringa av ei økt med felleslesing kan variere, men ved at teksten blir presentert digitalt på eit smartboard, kan læraren og elevane sjå teksten samtidig som dei jobbar med han. I tillegg er det viktig at eleven har ein læringspartnar som han kan utveksle tankar og synspunkt med.

I ei felleslesingsøkt set læraren eit klart lesemål. Elevane skal vite kvifor dei skal lese teksten. Det er heilt avgjerande for motivasjonen. Kva slag lesemål kjem an på teksttypen og kva læraren vil at elevane skal lære. Deretter tek læraren tak i bakgrunnskunnskapane elevane har om teksttypen, og brukar det elevane kan frå før til å skape forventingar til teksten. Det at elevane tek utgangspunkt i førkunnskapane sine, gjer dei i stand til å fordøye ny kunnskap og å skilje viktig informasjon frå meir perifer. Dersom elevane seier kva dei veit om teksttypen, temaet og sentrale omgrep før lesinga, vert dei nysgjerrige på teksten, dei kjem i «tekstmodus», og kan lese med meir forståing.

Læraren har det overordna ansvaret for felleslesinga. For det første modellerer han/ho høgtlesinga for elevane. Deretter er den aller viktigaste oppgåva til læraren å stille spørsmål, til dømes kvalitative spørsmål for å leite etter ei djupare meining i teksten. Å stille opne spørsmål set i gang refleksjon og genererer oppfølgingsspørsmål: – Skjer det noko i teksten som er vanskeleg å forstå? Var det noko som gjorde teksten spesielt spennande eller annleis? Kva for delar er teksten sett saman av? Eleven si rolle i felleslesinga er først og fremst å vere ein aktiv lyttar og å snakke med læringspartnaren om problemstillingane.

I felleslesinga kan læraren bruke tekstar som i utgangspunktet er litt vanskelegare enn det elevane har føresetnader for å forstå om dei les åleine. Gjennom læraren si modellering og samtalen etterpå kan elevane forstå meir av innhaldet i teksten. På denne måten er felleslesing ein aktuell metode i leseopplæringa også på mellomsteget.

Å lese den aktuelle teksten fleire gongar er vanleg praksis når vi driv med felleslesing. Mellom anna vil dette føre til at elevane lærer fleire omgrep. Ofte seier elevane sjølve at dei oppdagar nye «ting» ved å repetere teksten.

Når elevane deler erfaringane sine, både med læringspartnaren og i klassa, får elevane tilgang på sine eigne og andre sine tankar. I det ligg det mykje mellommenneskeleg læring, og det gjer at elevane utviklar evna til å sjå samanhengar og kan forstå meir komplekse tekstar. Å bruke felleslesing i undervisninga er å ta elevane si leseforståing på alvor.

Kjelder

  • Klinkenberg, J.E. (2012). Å bedre barns leseflyt. Oslo: H. Aschehoug & Co.
  • Anly, I., Lissner, E., Nome, S. (2015). Kaleido 5 Lærerens bok. Oslo: Cappelen Damm.
  • Anmarkrud, Ø., Refsahl, R. (2010). Gode lesestrategier – på mellomtrinnet. Oslo: Cappelen Damm.
  • Steen-Paulsen, M., Wikborg, G. (2012). Lesing i alle fag – på mellomtrinnet. Oslo: Cappelen Damm.
  • Skaftun, A., Solheim, J., Uppstad, P.H. (2014). Leseboka. Leseopplæring i alle fag på ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm.
  • Traavik, H., Alver, V.R. (2008). Skrive- og lesestart, skriftspråkutvikling i småskolealderen. Bergen: Fagbokforlaget.