• Blogg
  • Å skrive for å påverke framtida

Å skrive for å påverke framtida

17.06.2021

Foto Marielle Rodrigues til nettside

Marielle Rodrigues går i åttande klasse ved Fjell ungdomsskule i Øygarden kommune. I vår fekk ho publisert ein tekst i riksdekkjande aviser om eit viktig tema.

Les teksten til Marielle Rodrigues: – Vi jenter har blitt vande med å få skjellsord slengde etter oss

– Gratulerer med å få teksten din på trykk. Du har skrive ein tekst som handlar om at jenter vert diskriminerte. Kva var det som gjorde at du skreiv denne teksten?

– Eg skreiv teksten fordi eg er lei av at jenter så ofte vert diskriminerte av gutar, og hadde lyst til å skrive om eit tema som engasjerte meg. På skulen arbeidde vi med korleis språket kan diskriminere, og då bestemde eg meg for å skrive om kva eg sjølv har opplevd.

– Du fekk publisert teksten din i Framtida junior, og deretter ringde VG og spurde om dei fekk trykke han. Kva tenkte du då du fekk vite at teksten din skulle bli publisert?

– Eg vart veldig glad då avisene ringde, men også litt nysgjerrig og forventingsfull. Det var veldig rart å gå inn på VG og sjå ansiktet mitt der. Det var også litt spennande å tenkje på at mange kom til å lese teksten min, til og med kjendisar. Saka vart også publisert på VG sin Snap-konto, og dei har over ein million følgjarar, så det var litt kult. Samtidig tykte eg det var litt flaut, fordi folk gjekk rundt og sa VG-kjendis til meg på skulen.

– Korleis var skriveprosessen fram til at teksten vart ferdigskriven?

– Eg brukte lang tid på teksten og skreiv fleire utkast som eg fekk tilbakemeldingar på. Eg las også over teksten min mange gongar før eg leverte han inn.

– Har du fått reaksjonar på teksten du har skrive?

– Ja, eg har fått tilbakemeldingar gjennom Instagram. Fleire har skrive at det er bra at eg tek opp temaet, og at det er viktig at folk får vite om diskrimineringa som jenter opplever. Det er kjekt å få slike tilbakemeldingar. Eg har også fått tilbakemeldingar frå familien min. Tanta mi skreiv blant anna ei lang melding til meg, der ho fortalde at ho var stolt av meg. Det er klart eg blir glad av det.

– Har du alltid vore glad i å skrive?

– Eg har alltid vore glad i å skrive, og på barneskulen skreiv eg mykje lengre tekstar enn det eg trong. Kvar gong eg fekk i oppgåve å skrive forteljingar, vart eg veldig glad, for eg tykte det var så gøy. Eg likar eigentleg å skrive fantasitekstar best, for då kan eg bruke fantasien min heilt fritt.

– Kva slags tekstar likar du sjølv å lese?

– Eg les ganske sjeldan på fritida, fordi det er så få bøker som fengjer meg frå start. Eg må ha bøker som er kjempegøye med ein gong, eller så dett eg av. Då eg var mindre, likte eg å lese dagbok-bøker, men i dag likar eg best action-bøker. Det hender at eg klikkar meg inn på nyheitene og les dei, men elles les eg mykje på skulen.

– Kva forhold har du til å skrive og lese på nynorsk?

– Eg tykkjer alltid det har vore greitt å lese på nynorsk, men når det gjeld skrivinga må eg tenkje meg meir om, for det er så mange reglar å tenkje på. Sidan dei fleste rundt meg skriv bokmål, er det litt utfordrande. Mamma har lånt nynorske bøker til meg, for ho er glad i nynorsk. Når eg les nynorske bøker, tenkjer eg ikkje over at dei er skrivne på nynorsk, for meg er språket heilt normalt.

– Ønskjer du å halde fram med å skrive tekstar på nynorsk?

– Ja, eg har hatt nynorsk som hovudmål heile tida, men eg har vore litt usikker, for dei fleste andre i klassa skriv på bokmål. No har eg bestemt meg for å halde på nynorsk, det er gøy å meistre det.

– Har du tips til andre tenåringar som ønskjer å få publisert teksten sin?

– Ikkje ver redd for kva andre kjem til å seie om deg. Det er viktig at vi skriv tekstar om tema som vi er opptatt av. Vi som er unge, må prøve å påverke framtida på ein god måte.