• Blogg
  • Aktuell med ny barneroman

Aktuell med ny barneroman

08.02.2021

Åshild Moldskred 06 foto Hilde Wormdahl til nettside1

Forfattar Åshild Moldskred har skrive barneromanen Berre hopp!

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Hilde Wormdahl

Hovudpersonen Ingeborg har blitt uvenner med bestevenninna Pernille. Forfattaren skildrar korleis utestenging kan opplevast for ei jente på 11 år.

– Pernille snakkar så lågt at Ingeborg, som bruker høyreapparat, ikkje skal høyre det. Nokre frys ut andre på måtar som ikkje er så lett for vaksne å oppdage, fortel Åshild Moldskred.

Det kan til dømes vere gjennom blikk, kommentarar og kroppsspråk.

– Korleis fekk du ideen til den nye boka?

– Eg fekk høyreapparat sjølv i vaksen alder og ville gjerne skrive om ei jente som hadde høyreapparat. Det er lett å føle seg litt åleine, difor kjende eg eit behov for å skrive det ut, seier Moldskred.

Sjølvtillit

I ei tid der sosiale medium påverkar og fyller ein stor del av kvardagane til mange barn og unge, har kanskje dette med sjølvtillit blitt ekstra utfordrande. Målgruppa for boka er barn i alderen 9 til 12 år, men forfattaren trur at tematikken er aktuell også for dei som er i ungdomsskulealder.

Boka handlar om sjølvtillit og kvifor dette med sjølvtillit kan vere så vanskeleg. Det er viktig å formidle til barn og unge at dei er gode nok som dei er, seier Moldskred.

Bokomslag Berre hopp

Første bok på nynorsk

Tidlegare har forfattaren gjeve ut to ungdomsbøker. Mørketid (2011) vart nominert til Uprisen. Boka var den første i ein planlagd serie. Farlig stille (2013) var den andre boka i serien.

Tidlegare har du gjeve ut to ungdomsbøker på bokmål, kvifor valde du nynorsk denne gongen?

Godt spørsmål. Eg trur det heng saman med at eg hadde betre karakter i bokmål enn nynorsk på skulen. Eg las nesten berre bokmål fordi mesteparten av bøkene som var tilgjengelege, var på bokmål. Dermed følte eg at det var lettare å skrive bokmål fordi eg slapp å tenkje på rettskrivinga. I Berre hopp! er handlinga lagt til Måndalen i Møre og Romsdal, difor vart det naturleg å skrive den på nynorsk, seier Moldskred.

Frå barndomen har ho gode kjensler knytt til nynorsken. Morfaren las «Tuss og Troll» og «Smørbukk» med stor innleving. Ho har fått språkhjelp heimanfrå til den første utgjevinga på nynorsk.

– Det vart mykje enklare å skrive nynorsk då eg fekk hjelp av mamma til å lese dei tidlege utgåvene. Då kunne eg bruke fantasien til å få forteljinga ut, medan ho kunne sjå på rettskrivinga, seier Moldskred.

Forfattar og student

Åshild Moldskred kjem opphavleg frå Haddal på Sunnmøre, men bur no i Trondheim der ho studerer ergoterapi ved NTNU.

– Det å vere student gjev meg litt meir fleksibilitet. Eg kjenner meg mest kreativ om morgonen. Då rekk eg kanskje å skrive litt før vi skal ha undervisning, seier ho.

Moldskred har allereie byrja på ei ny bok i same sjanger for målgruppa 9 til 12 år.

– Eg synest det er litt vanskelegare å skrive ungdomsbøker, for då føler eg på ein måte at eg må snakke deira språk. Eg synest det er enklare å tenkje tilbake på korleis det var i barndomen. Eg likar den leikande sjangeren, og neste bok vert også på nynorsk, fortel ho.

Les omtale av Berre hopp! på Nynorskbok.no