• Blogg
  • Stolt av å skrive på nynorsk

Stolt av å skrive på nynorsk

13.02.2020

Ane Barmen Selfie

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Foto: Privat

Forfattaren Ane Barmen (35) kjem frå Vågsøy i Nordfjord, men ho bur no i Oslo. 
– Eg er ekstremt stolt av heimplassen min og dialekta mi, seier Ane Barmen, som vann Brageprisen med debutboka Draumar betyr ingenting

No er ho også nominert til Kritikarprisen for beste skjønnlitterære barne- og ungdomsbok i 2019. Nynorsk har blitt levevegen til forfattaren Ane Barmen.

– Det er ein stor fordel å kunne nynorsk som skodespelar og skribent, fortel Ane Barmen.

Ho er svært stolt av å snakke nordfjording. Sjølv om ho har budd så lenge som 14 år i hovudstaden Oslo, så har ho ikkje byrja å knote. Ho heldt standhaftig på dialekta, og det har gjeve ho mange jobbmoglegheiter. Som skodespelar er det etterspurt å kunne å snakke vestlending, og så har ho plutseleg oppdrag. Som forfattar skriv ho alltid på nynorsk, og ho seier at det å skrive nynorsk også hjelper ho med å halde på dialekta si. 

Forteljarstemme på barne-TV

Som frilansar har ho lese inn fleire lydbøker. Ho har også forteljarstemma til nokre dokumentarar på NRK og har dubba barne-TV-serien Thomas og vennene hans. Med Barmen sitt inntog vart ho den første nynorske forteljarstemma i serien om lokomotivet Thomas. Ho driv også omsetjing frå engelsk til nynorsk, som Poppeloppane på NRK Super.

Forfattaren har bidrege til at NRK har nådd målet sitt i fjor om 25 % nynorsk. Ane Barmen tykkjer at det var på tide at dei klarte dette målet, då det er nesten 50 år sidan NRK fekk krav om 25 % nynorskinnhald. 

Språket som identitet

Ane Barmen er stolt av språket sitt.
– Kva tenkjer du om elevar som vil hoppe over frå nynorsk til bokmål?
– Det må dei ikkje gjere. For meg handlar det om noko så grunnleggande som identitet, seier ho.

Ho vonar at unge i dag som kjem frå nynorske strøk, kan kjenne på ei stoltheit av kvar dei kjem frå. Ho meiner nynorsk er vel så funksjonelt som bokmål. Då ho var på skulebesøk på sin gamle ungdomsskule i Vågsøy og fortalde om boka si, så oppmoda ho elevane om å skrive nynorsk.

– Vil du sjå smart ut, skriv nynorsk, sa ho til elevane.

Med adresse Oslo er det spesielt ein ting ho saknar, nemleg å høyre nordfjordsdialekt rundt seg.

– Nordfjording er eg til min døyande dag, ler ho. 

Talesyntese

I fjor var Ane Barmen stemme til ein nynorsk talesyntese. Ho var tre veker hos firmaet CreProc i Edinburgh. Der las ho inn råmateriale til ein nynorsk talesyntese. Talesyntesen skal bli brukt på Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek og har fått namnet Hulda. Talesyntesen nyttar lydar og delar av ord og koplar dei saman med andre.

– Treng nokon ei pensumbok raskt, kan Hulda lese inn. Ein kan også selje han til appar i skulen, eller han kan brukast til spel, fortel Barmen. 

Den kulturelle skulesekken

Forfattaren har fleire ting på blokka. No er ho i gang med ein ungdomstekst og ein tekst for litt yngre barn. Ho har også vore i samtalar med Den kulturelle skulesekken. Ho skal nemleg rundt om på skulane og fortelje om boka si.

– Vil nokon ha besøk, kan dei berre ta kontakt, smiler Ane Barmen. 

Høyr eit utdrag frå lydboka her.