• Blogg
  • Bygg språkleg sjølvtillit

Bygg språkleg sjølvtillit

22.08.2022

IMG 2428 fargejustert og komprimert

Her finn du åtte tips for språkleg sjølvtillit til nynorskelevane.

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

1. Forklar at nynorskelevane har ein fordel

Nynorskelevane les og skriv nynorsk dagleg i skulen og har difor gode føresetnader for å bli gode i nynorsk. På grunn av ei massiv eksponering for bokmål i tekstane dei møter i fritida, lærer elevane bokmål parallelt med nynorsk, så å seie utan opplæring i skriftspråket. Ei god hovudmålsopplæring i nynorsk legg difor til rette for at nynorskelevane skal meistre begge skriftspråka godt.

2. Gje elevane språklege førebilete

Nynorskelevane treng å sjå at nynorsk er eit moderne språk som blir brukt av folk i alle aldrar, og eit språk som passar alle typar tekstar og medium. Dette kan vere med på å påverke elevane si oppfatning av nynorsk. Elevane treng å erfare at nynorsk passar i alle samanhengar og blir brukt av personar dei ser opp til eller kan identifisere seg med.

3. Snakk om språk

I læreplanen er det eit mål at elevane skal utvikle den språklege identiteten sin og oppleve at det å kunne språk er ein ressurs. Språklege samtalar kan gje elevane meir innsikt i kvifor vi snakkar og skriv slik vi gjer. De kan også samtale om kvifor språket er i endring, og kva kompetansar og kvalitetar det kan liggje i å meistre og kunne veksle mellom fleire språk, både skriftleg og munnleg.

4. Gje elevane aktuelle nynorske tekstar

Når elevane les tekstar dei opplever som aktuelle, les dei i tillegg tekstane meir grundig og med større engasjement. Dette kan vere positivt for språklæringa. Når elevane les nynorske tekstar dei engasjerer seg i, kan det auke oppfatninga av nynorsk som eit moderne språk som dei har lyst til å identifisere seg med og bruke sjølve.

5. La elevane møte autentiske skrivesituasjonar

Når elevar erfarer at andre vil lese tekstane dei skriv, kan dei bli meir motiverte til å skrive. På skulen kan de til dømes lage enkle nettsider, framsyningar og utstillingar i fellesområda. De kan også lage skrivekonkurransar i samarbeid med det lokale næringslivet eller sende inn tekstar til lokalavisa, ungdomsavisa Framtida eller debattforumet Si:D i Aftenposten. Når tekstane blir lesne av andre enn læraren, blir skrivinga meiningsfull. Det kan i neste omgang føre til at elevane blir stolte av tekstane sine og måten dei skriv på.

6. Hjelp elevane til god nynorsk språkkompetanse

    Det er mykje kjekkare å skrive eit språk ein meistrar, enn eit språk ein ikkje meistrar, og skulen har førstelinjeoppgåva med å hjelpe nynorskelevane til god språkleg kompetanse. Elevane treng både å lese og å skrive mykje nynorsk for å tileigne seg god nynorskkompetanse. Gjennom eksplisitt og implisitt undervisning kan elevane lære kva som er god nynorsk språkføring. Dette skjer i arbeidet med å lese og høyre tekstar av andre og gjennom å skrive og arbeide med eigne tekstar på varierte måtar.

    7. Bruk nynorsk så mykje som råd i alle fag

    Nynorskelevane meiner bokmålsdominansen i samfunnet er ei av årsakene til at nynorsk kan vere vanskeleg å meistre. Det er difor viktig at elevane får møte så mykje nynorsk som råd i skulen i alle fag. Dersom læraren bruker nynorsk i tekstar, som tavlespråk og i presentasjonar i undervisninga, aukar det sjansen for at elevane sjølve skriv notat og tekstar på nynorsk. I denne skriftspråklege praksisen, med lesing av fagtekstar og uformell notatskriving, ligg mykje viktig språklæring.

    8. Sikre rettane til nynorskelevane

    Skulen har ansvaret for å kjenne til dei språklege rettane til nynorskelevane og sikre at dei blir oppfylte. Skulen må passe på at elevane får læremiddel på nynorsk, slik dei har krav på, og språkinnstillingane på digitale einingar og verktøy må alltid vere rette og oppdaterte. Dersom elevane blir gjorde medvitne om dei språklege rettane sine og skulen tek desse rettane på alvor, vil elevane oppleve at språket deira er både verdifullt og viktig.