• Blogg
  • Åtte tips til berekraftig vurderingspraksis

Åtte tips til berekraftig vurderingspraksis

17.04.2023

Inger Beate til nettside

Den seinare tida har eg lese fleire lesarinnlegg og hjartesukk frå lærarar som strevar med å få dagane til å gå opp fordi vurderingsarbeidet blir for tidkrevjande. Klassestorleikar, elev- og diagnosemangfald, minoritetsspråklege elevar, mangel på læremiddel og foreldre som stiller store krav, er ikkje faktorar som forsvinn av seg sjølv. Eg vil derfor gi nokre konkrete tips til korleis læraren og profesjonsutøvaren skal kunne gjere kvalitetssikra vurderingsarbeid utan å måtte sende familien på hytta kvar tredje helg for å få fred til å fordjupe seg i endelause rettebunkar. Vi må stå i vurderingsarbeidet, men vi må tenkje nytt om korleis vi gjer det.

Tekst: Inger Beate Vongraven Dyrstad, lærar ved Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund

1. Bruk tid på å setje deg inn i innhaldet i læreplanen. Overordna del, om faget, kjerneelementa, kompetansemåla – i den rekkjefølgja. Det kan bli enklare å vurdere den samla kompetansen til eleven viss du har eit sterkt indre bilete av kva samla kompetanse er, og korleis han ser ut. Dette vil ikkje opplevast likt for alle norsklærarar, derfor må vi ha jamlege drøftingar på arbeidsplassen om korleis vi legg opp til einskapleg praksis. Vi må ikkje forveksle einskapleg med «lik». Udir skildrar også korleis den heilskaplege sluttkompetansen til ein elev kan sjå ut, løft denne skildringa fram med jamlege mellomrom.

2. Tenk nytt om fordelinga av vurderingsarbeidet. Eleven bør gjere 90 % sjølv. Det gjer eleven gjennom å reflektere over arbeidsprosessen sin i staden for produkta sine. Denne refleksjonen blir gjord i god tid før avslutninga av perioden og kan godt gjerast munnleg. Det tek tid å utvikle denne kompetansen, men han gir god avkasting på sikt. La elevane skrive refleksjonstekstar der dei svarer på kva dei har fått til, kvifor det gjekk bra, kva dei treng å øve meir på, og den viktigaste: korleis dei skal utvikle seg. Dette må dei øve på å finne svar på sjølv, men du må gjerne modellere saman med elevane korleis du hadde ville løyst oppgåva. Dette er gull til utviklingssamtalen.

3. Legg opp til fortløpande vurdering i timane saman med elevane. Ikkje ta med vurderingsarbeidet heim, det et opp både motivasjon og fritid. Noterer vurderingane dine i eigna medium. Nokon har skrivebok, eg bruker appen iDoceo. Både kunnskap og ferdigheiter blir fortløpande vurderte i samtale og dialog med eleven. «Kva er likskapane mellom Karen og Karen?» «Kan de to drøfte litt saman, korleis kan begge desse historiene vere evig aktuelle?» Så går eg på iPaden min og noterer nokre stikkord og stjerner i margen. Nokre får gul stjerne, dei som kanskje må setje inn eit anna gir, får oransje stjerne. «Kort fagsamtale. Ser Karen og Karen i samanheng, bruker fagomgrep heile vegen. Kan drøfte og setje i notidperspektiv. Gir uttrykk for at tekstane gir meining og kan skildre dei unge sin livssituasjon og har med samanlikningsgrunnlag frå Netflix». Dette er notata mine, ikkje noko eleven treng å sjå.

4. Juster forventningane dine til kva du skal greie å vurdere over eit gitt tidsrom. Ein kan til dømes ha 7–8 fokuselevar i veka per klasse som får utvida rettleiing gjennom munnleg dialog i timane. 7–8 andre kan få korte skriftlege tilbakemeldingar med hugselappar, anten digitalt eller manuelt. På to veker har du komme deg gjennom ein ganske stor klasse. Det er ikkje mogleg å få gitt alle tilbakemelding kvar time, men det er mogleg å få gitt alle tilbakemelding på noko i løpet av to–tre veker. Du treng ikkje å ha nærlese eit arbeid for å gi to tips til vegen vidare. Etabler ei tydeleg forventning overfor elevane om at framovermeldingar skjer i dialog, kvar einaste time.

5. Kjeppehesten min: Ikkje vurder rettskriving på kvart einaste arbeid eleven gjer. Det er trass alt berre eitt kompetansemål. Den motiverte og kompetente norskeleven har kompetanse langt utover det som gjeld teiknsetting og forskjellen på då/når.

6. Avgrens vurderingskriterium til nokre få suksesskriterium. To–tre av gongen er nok, desse kan godt elevane utforme sjølve, både individuelt og i fellesskap.

7. Bruk baklengsplanlegging som metode for å lage periodeplanar. Det legg opp til vurderingsdialog langs alle arbeida som blir gjorde, både dei små og dei store. Læringsprosessen er det som byggjer kompetansen til eleven, ikkje produktet. Dette må elevane bli trygge på, elles vil dei ikkje ta eigarskap til læringa si. Produktorientert planlegging kan vere klokt av og til, men for å hjelpe eleven å bli ein sjølvstendig læringsaktør må vi snu oss om og rette merksemda mot eleven sitt arbeid med planlegging og gjennomføring, heller enn resultatet til slutt. Vi byggjer ungdom, ikkje båtar, som gamlelæraren min pleidde å seie. Då toler vi at resultatet ikkje alltid er tipp topp. Vi er jo faktisk på skulen for å lære av feila våre, ikkje for å gjere alt rett på første forsøk.

8. Ta felles gjennomgang i klassen over vanlege feil og manglar, framfor å påpeike det til kvar enkelt elev. Modeller tydeleg korleis ein ønskjer at noko skal vere, framfor å korrigere feil i etterkant.

Desse tipsa er kanskje ikkje samsvarande med arbeidssituasjonen din, men eg vil likevel argumentere for at norsklærarar set dei kloke hovuda sine saman og finn gode løysingar på korleis vi kan jobbe smartare, i staden for å jobbe meir. Vi får stadig nye oppgåver, då må nokre gamle oppgåver fjernast. Sidan ingen fortel oss kva vi skal ta vekk, må vi nesten gjere utveljinga sjølv. Eg har, med læreplan og vurderingsforsking i handa, bytt ut korrekturlesing og summativ vurdering med ein meir elevnær vurderingspraksis. Det har gitt meir motiverte elevar, men også ein langt meir motivert norsklærar.

* Dette innlegget baserer seg på eit svar eg gav i ein tråd i facebookgruppa «Norsklærarar 2.0». Tråden dreidde seg om vurderingspraksis i norskfaget og det handlingsrommet som LK20 eigentleg gir oss som profesjonsutøvarar.