• Blogg
  • Bendixen skriv faktafylt fiksjon

Bendixen skriv faktafylt fiksjon

28.05.2024

Solveig Blindheim Bendiksen hovudbilete komprimert

Solveig Blindheim Bendixen debuterte som forfattar då ho nærma seg 60 år. I ein alder av 72 skriv ho framleis bøker for barn.

Tekst og foto: Heidi Fagna

Solveig Blindheim Bendixen er utdanna førskulelærar med embetseksamen i pedagogikk. Ho har jobba i barnehage, i PP-tenesta og som lærar på småtrinnet. Forfattar vart ho då ho nærma seg 60 år. 

– Eg hadde samla opp inspirasjon frå mine eigne tre søner og dei ungane eg hadde jobba med i fleire år, seier Bendixen i podkasten Bakom boka. 

Fire bøker om Teo

I åra 2011–2015 gav Solveig Blindheim Bendixen ut fire bøker om førsteklassingen Teo. Me følgjer han i klasserommet, på SFO, på skuleplassen og heime.  

Teo i trøbbel: Første klasse skal på bading. Teo kan ikkje symje, men han seier at han kan det. Første badedag rømmer han opp i eit tre. Han ramlar ned, hamnar på sjukehus og lærer å symje der. Og han prøver å forstå kva «veke» betyr. 

Teo tar sjansen: Det er rift om klinkekulebana på SFO. Teo synest det er den beste leika, men må sjå at tredjeklassingar okkuperer bana. Bit for bit smuglar Teo bana ut i eit hemmeleg rom i skuret, som berre han og Jon veit om. 

Tenk at det var Teo: Han lurer på kva han er god til. Skulle gjerne vore god i fotball, men får det ikkje heilt til. Han skryt på seg å vere sterkare enn Jon, men taper brytekampen. Heldigvis er han god til å lage drake og å brette mjølkekartongar. 

Teo tøffar seg: Det er ein varm 17. Mai, og Teo vil ikkje gå med bunad, men mora bestemmer at han skal. Han snik seg til ein time utan bunad og er veldig redd for at mora oppdagar det. Og det gjer ho, sjølvsagt. 

Teo er ein heilt vanleg 6-åring, og han lever eit heilt vanleg liv. I to av bøkene er han litt for stormunna, og i to av dei gjer han noko som han veit ikkje er lov. Det vert forviklingar, men så går det bra til slutt.  

Solveig Blindheim Bendiksen2 komprimert til nettside

To bøker om Tore og Gabriel

I 2022 kom boka Den mystiske krukka. Her møter me ti år gamle Tore, som får ei krukke som viser seg å ha høg verdi. Foreldra vil selje krukka. Tore vil også det, så han får pengar til å kjøpe seg eit telt. Han ser for seg at han då kan verte ven med populære Preben. Inn frå sidelinja kjem Gabriel. Han er ein gut med mykje faktakunnskap, og Tore og Gabriel finn kvarandre sakte, men sikkert. 

Tore har det vanskeleg heime. Han bur med ei mor med vaskejobb og lite pengar. Faren bur i Bergen med ny kjærast. Ho heiter Britt og er ein gauk, både fordi ho har stole faren frå han og mora – og fordi ho er koko. Foreldra kranglar med kvarandre og er ikkje alltid vaksne og kloke i møtet med Tore. 

– Eg trur det er ein del barn som treng ei slik bok. Det er lett å verte ståande i skvis mellom foreldre som kranglar, og det kan vere godt å sjå at det er fleire som har det slik, seier Solveig Blindheim Bendixen. 

Året etter kom boka Havørna. Her møter me igjen Tore og Gabriel, og no er dei gode vener. I denne boka vil dei vere med i ein fotokonkurranse, men ingen av dei har mobiltelefon. Preben har ein dyr mobil med eit godt kamera, og han er sikker på at han skal vinne konkurransen. Han er ikkje spesielt snill med Tore og Gabriel gjennom boka. Spesielt plagar han og gjengen Gabriel. 

Begge bøkene om Gabriel og Tore har nokre tydelege fellestrekk: Naturen, med dyr og fuglar, og historiske tilbakeblikk, med ei 200 år gamal krukke frå ei riddarturnering og ei øks frå steinalderen. Bøkene er utan tvil fiksjon, men dei inneheld også ein del fakta.