• Blogg
  • Berekraftsbiblioteket – Les for framtida!

Berekraftsbiblioteket – Les for framtida!

11.08.2021

Berekraft til nettside

Korleis kan ein utrydde fattigdom, oppnå likestilling mellom kjønna og ha berekraftige byar og lokalsamfunn? Løysinga er kanskje ikkje enkel, men spørsmåla høyrer heime under tre av FNs 17 berekraftsmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030, og Noreg har forplikta seg til å delta.

Tekst: Hanna Aanerud, Norsk barnebokinstitutt

Aanerud til nettside
Hanna Aanerud arbeider ved Norsk barnebokinstitutt. (Foto: Niklas R. Lello)

Kva er Berekraftsbiblioteket?

Berekraftsbiblioteket er ein norsk versjon av FNs SDG Book Club, altså ein bokklubb som tar utgangspunkt i berekraftsmåla. Opphavleg blei prosjektet lansert på dei seks offisielle FN-språka: engelsk, arabisk, kinesisk, fransk, russisk og spansk. Seinare har fleire versjonar av prosjektet oppstått rundt omkring i verda, i Brasil, Indonesia, Portugal – og i Noreg.

Den norske versjonen er utforma som eit opplegg for skolar, bibliotek og andre organisasjonar for å arrangere lesesirklar for barn i alderen 6–12 år. Berekraftsbiblioteket består av barnelitterære boklister og aktivitetar knytte til kvart av dei 17 berekraftsmåla. Vi vil tilby barna ei litterær og samtalebasert forståing av verdas felles arbeidsplan.

Litteratur som samtalestartar – korleis bruker vi Berekraftsbiblioteket?

Bøkene på lista er delte inn i aldersgruppene 6–8 år, 8–10 år og 10–12 år og organiserte slik at det er lett å finne titlar som passar for barn med ulike lesekompetansar. Målet med Berekraftsbiblioteket er å starte samtalar rundt berekraftsmåla utan at barna treng å føle seg pressa til å redde verda heilt aleine.

Korleis ein bruker Berekraftsbiblioteket, er opp til kvar enkelt. Vi har foreslått ei rekke bøker og oppgåver som høyrer til, men det er ikkje nødvendigvis slik at ein må bruke alt materiellet på sida. Vi utforma Berekraftsbiblioteket med ein tanke om at barna kunne møtast i lesesirklar og diskutere bøkene i fellesskap. I året som har gått, har det av openberre grunnar ikkje vore så lett å gjennomføre dette alle stader. Likevel har bibliotek og skolar rundt om i landet tatt i bruk Berekraftsbiblioteket, og her er nokre eksempel på korleis dei har løyst det:

Bergen offentlege bibliotek

Bergen offentlege bibliotek lagar digital formidling av Berekraftsbiblioteket, og med utgangspunkt i boklistene lagar dei filmsnuttar for dei yngste elevane i grunnskolen. Dei ønsker å bidra med eit verktøy til lærarar og elevar som kan vere ein innfallsvinkel for litterære samtalar rundt berekraftsmåla.

Dei tar for seg ei bok frå kvar bokliste, og lagar ei relevant problemstilling for barn i alderen 5–9 år, slik at barna lettare skal kunne sette seg inn i stoffet.

Lofoten friluftsråd

Ei anna løysing har vi i Lofoten, som eit samarbeid mellom Lofoten friluftsråd og biblioteka i Lofoten. Her har dei sett ut postkassar med bøker frå boklistene rundt omkring. Ein kan altså lese bøkene i Berekraftsbiblioteket medan ein er ute på tur.

Bokbussen Trøndelag fylkesbibliotek

Trøndelag fylkesbibliotek planla i utgangspunktet ein bokbussturné. Sjølv om nokre arrangement blei vanskelege å gjennomføre i år, har dei likevel fått til fleire opplegg med Berekraftsbiblioteket i fokus. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn lesesett og bygd opp ei samling av bøker frå Berekraftsbiblioteket. Men dei har også arrangert bokprat for barneskolar, hatt med forfattarar og deltatt på festival med bokbussen. I tillegg har dei gått saman med FN-sambandets avdeling i Trøndelag og laga formidlingsvideoar som kunne erstatte skolebesøk. Desse videoane blei sende ut med bokkassar, plakatar og bokmerke til dei skolane som ikkje fekk besøk av bokbussen slik som planlagt.

Med andre ord – korleis Berekraftsbiblioteket blir tatt i bruk, og i kva form, det er opp til brukarane.

Materiell og oppgåver

Til kvart mål følgjer det ei rekke oppgåver og spørsmål som kan brukast, og heile opplegget er utforma slik at det ikkje krev mykje førebuing frå lærarar, bibliotekarar eller andre som vil bruke det. Det er nokre generelle spørsmål til kvart tema. Til mål 3 om god helse finn du for eksempel spørsmål som:

  • Korleis fortel boka du har lese, noko om god helse?
  • Handlar boka di mest om fysisk helse eller psykisk helse? Kva er forskjellen?
  • Kva treng du for å føle deg trygg?

Men også spørsmål knytte direkte til boka, f.eks. til Smadra av Brynjulf Jung Tjønn:

  • Kvifor trur du Oda seier til Milad at ho har falle av sykkelen i Smadra?
  • Trur du pappaen til Oda skjønar kva som skjer? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Kvifor trur du Oda og Milad svømmer saman på slutten av boka?

Til nokre av måla finn du også ein video knytt til berekraftsmålet. I løpet av 2021 vil berekraftsmåla ha ein video der målet blir presentert av ein forfattar, med nokre tankar om korleis boka kan koplast til dette målet. Videoane er utforma slik at dei skal kunne visast til barna i undervisningssamanheng, på biblioteket eller andre stader der barn møtest.

Kven står bak?

Den Norske Forleggerforening tok initiativ til prosjektet, men overlét utforminga til Norsk barnebokinstitutt, som tidleg sette saman ei arbeidsgruppe for prosjektet. Berekraftsbiblioteket er eit samarbeid mellom fleire barnelitterære aktørar, bl.a. Leser søker bok, Norsk bibliotekforening, Foreningen !les, NFFO og FN-sambandet. Sekretariatet ligg på Norsk barnebokinstitutt, medan sjølve opplegget ligg tilgjengeleg på FN-sambandets undervisningssider.

Berekraftsbiblioteket finn dokker her.

Les meir om Berekraftsbiblioteket her.