• Blogg
  • Blir klok av ungdomsbok

Blir klok av ungdomsbok

27.08.2021

Bibliotek

Elevar i ungdomsskulealder som les bøker på fritida, presterer betre i skulen enn dei som ikkje gjer det. Det kan sjå ut som om elevane som les på fritida, kjem inn i ein positiv spiral som er viktig for akademisk suksess, der dei til dømes utviklar både ordforrådet og leseforståinga.

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Elevar som les godt, vil ofte like dei dei les, dei vil halde fram med å lese, og slik betrar dei skuleprestasjonane. Også elevar som likar å lese, men som ikkje les på fritida, viser betre skulefaglege prestasjonar enn dei som ikkje likar å lese.

Engasjement er eit nøkkelord

Engasjement ser ut til å vere eit nøkkelord når ein vil vekkje leselysta i ungdommar. I ein studie blant amerikansk ungdom i vidaregåande som streva med lesing og hadde svake leseferdigheiter, fekk elevane alternativ litteraturundervisning der dei arbeidde med ungdomslitteratur. Klasserommet hadde fleire hundre boktitlar skrivne for ungdom, og elevane las, hadde boksamtalar i boksirklar, anbefalte bøker for kvarandre og arbeidde skriftleg med tekstane. Elevane melde at dei verkeleg las bøkene og tekstane dei arbeidde med i dette alternative engelskfaget. Litteraturen dei møtte i tradisjonell engelsk litteraturundervisning, engasjerte dei ikkje, og dei skumma meir halvhjarta gjennom denne litteraturen, medan ungdomslitteraturen dei las i dette tilpassa faget, las dei: «I never read for English. I only skim. And for YA Lit (Young Adult literature), I actually read the books». Å vere med i denne studien gjorde at elevane sitt syn på seg sjølve som lesarar endra seg: Dei las meir enn før, dei likte betre å lese, og leseferdigheitene vart betre.

Ungdomslitteratur gjer jobben

I ein annan studie med 90 ungdommar gjennomførte testpersonane to testar der dei skulle vise kva for nokre forfattarar dei kjende til. Den eine testen hadde forfattarnamn frå vaksenlitteraturen, den andre hadde namn på forfattarar som skriv barne- og ungdomsfiksjon. Begge testane hadde også fiktive namn. Hypotesen var at dei som kjende att mange forfattarnamn, les meir enn dei som ikkje kjenner til desse forfattarane. Ungdommar som skåra høgt på testen med skjønnlitterære barne- og ungdomsforfattarar, skåra også betre på testar som målte generell lese- og staveevne og lesefart. Det same mønsteret var anten svakare eller fråverande for dei som skåra høgt på testen med vaksne forfattarar. Ein såg også, noko overraskande, at lesing av skjønnlitteratur viste fleire positive samanhengar med leseferdigheiter enn lesing av sakprosa.

Ut frå desse funna meinte forskarane at ungdom får betre leseferdigheiter av å lese nyare, skjønnlitterære tekstar som er skrivne for dei, framfor å lese vaksenlitteraturen som tradisjonelt har blitt brukt i skulen. Dei meinte ungdommar les ungdomstekstar grundigare og med større engasjement, mellom anna fordi dei kan relatere tekstane til eigne liv og erfaringar. Dette kan vere viktig for å halde fram med lese- og skriveutviklinga og kan kanskje også auke engasjementet som igjen kan betre staveferdigheitene, leseferdigheitene og leseflyten. Forskarane såg også at lesarane som kjende att mange barne- og ungdomsforfattarar, også kjende att mange forfattarar for vaksne. Dei er usikre på kor mange av desse forfattarane ungdommane sjølve har lese, likevel kan det sjå ut som at den beste måten å få barna til å lese vaksenlitteratur ser ut til å vere å gje dei den litteraturen dei kjenner seg dradde mot å lese. Ved å tilby elevane populære boktitlar kan det kan sjå ut til å auke motivasjonen og i ei ideell verd sparke i gang ei interesse for lesing som varer utover skuletida.

Leselyst i praksis

Nynorsksenteret har fleire undervisningsopplegg til ungdomslitteratur på nettsidene våre. Du finn også 1000 bokmeldingar av gode, nynorske barne- og ungdomsbøker på nettstaden Nynorskbok.no. Leser søker bok lanserer kvar vår 100-lista, ei liste over dei hundre beste lesarvenlege bøkene på norsk frå dei tre siste åra. Fleire av bøkene er på nynorsk. På nettstaden tidforti.no, som er ein nynorsk leselystaksjon for 7. trinn, finn du utdrag frå ti nyare, nynorske bøker med oppgåver og lydfiler. Foreningen !les har no opna for påmelding til Tid for ti 2022.

Kjelder

Glenn, W., Ginsberg, R., & King-Watkins, D. (2016). Resisting and Persisting: Identity Stability Among Adolescent Readers Labelses as Struggling. Journal of Adolescent Research, ss. 306–331.

Martin-Chang, S., Kozak, S., & Rossi, M. (2020). Time to read Young Adult fiction: print exposure and linguistic correlates in adolescents. Reading & writing, ss. 741–760.

Mol, S., & Jolles, J. (2014). Reading enjoyment amongst non-leisure readers can affect achievement in secondary school. Frontiers in Psychology, ss. 1–10.