• Blogg
  • Byr ungdommen på humor og fart

Byr ungdommen på humor og fart

27.04.2023

Terje Torkildsen til nettside

Terje Torkildsen er forfattar, formidlar, føredragshaldar, norsklektor, komikar og skodespelar.

«Humor og action» er mottoet for forfattarskapen til Terje Torkildsen. Kropp og sex er der også ein god dose av.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Terje Torkildsen var den første som vann ungdommens gunst så grundig at han fekk Uprisen to gonger. Første gong var det for debutboka Marki Marco.

«Det vi ungdommer ser etter i en god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare hendelser, gode spenningskurver, originalitet og at boka omhandler ungdom. Vinnerboka inneholdt alle disse punktene.» (Uttale frå Upris-juryen i 2009)

Du kan høyre podkasten med Terje Torkildsen på Nynorskbok eller der du vanlegvis lyttar til podkast.

Forfattarkarrieren hans starta hausten 2005. Torkildsen sette i gang eit samskrivingsopplegg med elevane på 10. trinn på Sankt Svithun ungdomsskole i Stavanger. Han hadde jobba som norsklærar og komikar, og han ville debutere som forfattar med ei bok som ungdommen verkeleg ville ha. Elevane fekk utdelt eitt og eitt kapittel, som dei gav tilbakemeldingar på via e-post.

– I starten trudde dei det var læraren deira som skjulte seg bak pseudonymet Neratta Frof, og eg fekk mange smiskesvar som eg ikkje kunne bruke til noko. Etter kvart forstod dei at læraren ikkje var forfattaren, og då vart tilbakemeldingane strengare: «Cut the crap», «dette var gørr», «meir sex og action, please» og «altfor mykje skildring». Eg skjønte nokså raskt at eg måtte ta vekk mykje av det eg hadde skrive. Det var for ordrikt, det var for mykje skildring, det var rett og slett for litterært. Eg trur nok at eg kutta kanskje så mykje som ein tredel av teksten, seier Torkildsen i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret.

Treng ikkje alltid poesi

Samarbeidet med tiandeklassingane i Stavanger vart debutboka Marki Marco, som kom i 2008. Me møter Marco, som har vakse opp i Belgia etter å ha flykta frå Bosnia. Han er i skogen for å fotografere fuglar, og ein dag møter han ei interessant jente. Derifrå rullar historia i høgt tempo.

– Om du skal skrive for utolmodige lesarar, som unge menneske gjerne er, så må det vere eit høgt tempo. Skildringar senkar tempoet, så dei blir det få av. Mottoet for forfattarskapen min er humor og action. Det er det ungdommane vil ha. Det var ein kritikar ein gong som sa at forteljingane mine er utan feitt, og det synest eg var godt sagt. Det skal ikkje vere noko overflødig, det skal berre vere bein og musklar i forteljinga, og det skal gå fort framover. Problemet med det er jo at det fort blir sett på som dårleg litteratur. Det er lite poesi i bøkene mine.

– Treng alle bøker å ha poesi?

– Me treng poesi, men ikkje heile tida. Eg trur at viss me skal fengje unge utolmodige lesarar og skape nye lesarar i tenåra, så er det viktig at det finst sånne lesefest-forteljingar der det berre er action og tempo og fart og gøy.

I tillegg til høgt tempo og humor, byr bøkene til Torkildsen også på kropp og sex.

Nokre gonger bruker eg sex på grunn av humor, det der med å skape forventning om at det skal bli sex, men så blir det ikkje det – eller motsett. Det er eit viktig komisk verkemiddel. Men så er det jo også sånn at ungdomslitteratur handlar om alt dette nye som skjer i overgangen frå barndom til vaksenliv, og der er jo seksualiteten ein del av det. Når eg skriv realistiske forteljingar, så er det ein del av pakken, seier Torkildsen.

Heidi og Terje til nettside
Heidi Fagna samtalar med Terje Torkildsen i podkasten Bakom boka.

Den første med to Uprisar

I 2012 vart Torkildsen den første til å få Uprisen to gonger, den gongen for den tredje boka i Dystopia-serien.

«Forfatteren har skrevet en drivende og spennende bok. Det var lett å leve seg inn i historien, og leseren blir hele tiden overrasket. Samtidig er boka både morsom og rørende. Det humoristiske veksler med det mer alvorlige.» (Uttale frå Upris-juryen i 2012)

Dystopia er ein serie på fire bøker om ungdommar på skuletur frå Noreg til England som hamnar i ein fremtidsdystopi der hundreårsbølgja øydelegg verda slik vi kjenner ho. I desse bøkene er det berre å festa setebeltet, for her går det unna. Vi møter katastrofe, svolt, fæle forbrytarar og modige ungdommar.

Dystopia 3 er litt annleis enn dei andre Dystopia-bøkene. Her skjer nokre drap på ein litt Agatha Christie-aktig måte, og vi får eit gjensyn med Marki Marco frå debutboka til Torkildsen.

Dystopia 1 og 2
Dystopia 4

Variert forfattarskap

Der er ein stor variasjon i forfattarskapen til Terje Torkildsen. Bøkene er sette til ulike stader og til ulike tider, historiene er ulike og det er forteljarstilen òg. Arrfjes er kanskje den som skil seg mest ut. Det er ein historisk roman om Ejner. Han er 13 år når han mønstrar på den norske skuta Haabet tidleg på 1800-talet fordi han er foreldrelaus og må ta seg av lillebroren. Han blir behandla røft ombord, men han viser seg å vere ein tøffing.

Spesielt denne boka har opna mange klasseromsdører for forfattaren. Han anslår at han har besøkt over nitti prosent av ungdomsskulane mellom Arendal og Ålesund med Arrfjes. Og han skryt uhemma av formidlingsarbeidet til lærarane han møter.

Det blir gjort vanvittig mykje bra arbeid i skulen. Eg har besøkt sjukt mange skular og møtt utruleg mange flinke lærarar. Når barn og unge har gode førebilete som lesarar og som formidlar av litteratur, som klarer å gi den rette boka til den rette eleven, så er det utruleg viktig, seier Torkildsen.

    Fleire bøker av Terje Torkildsen:

    Stavanger stories 1

    Stavanger stories 2

    Isla Bonita

    Humorboka