Den internasjonale morsmålsdagen
20.02.2019
Den internasjonale morsmålsdagen
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Visste du at vi i dag har mellom 6000 og 7000 ulike språk i verda? Desse språka må haldast varme om vi ikkje skal miste dei.
Den internasjonale dagen for morsmål ønskjer å sette søkjelys på dette, og han har blitt feira og markert i UNESCO sine medlemsland sidan år 2000. Målet er å fremje språkleg og kulturelt mangfald. Eg arbeider som lærar i vaksenopplæringa i Volda. Denne teksten handlar om bakgrunnen for markeringa og korleis dagen vert markert på Volda læringssenter.
Bakgrunn
UNESCO fortel at datoen blei valt til minne om studentar som vart skotne og drepne av politiet i Dhaka. Dei demonstrerte for anerkjenning av morsmålet sitt, Bangla, i 1952. Dei siste åra har morsmålsdagen vore markert også her til lands. Fleire barnehagar, skular, vaksenopplæringsinstitusjonar, idrettslag, husflidsorganisasjonar, Røde Kors, eldresenter, kommuneadministrasjonar, fritidsklubbar, bibliotek, fengsel og flyktning- og asylmottak har kopla seg på markeringa. Markeringa gjev moglegheit til å fokusere på dei språklege ressursane som ligg tett til hjartet hjå born og vaksne i nærmiljø over heile landet.
Levande språkmangfald
Vi veit at språk, og særskilt morsmål, er ein grunnstein i ulike folks kulturhistorie og tradisjonar. UNESCO arbeider for å auke forståinga og toleransen mellom menneske gjennom å støtte eit levande språkmangfald. Dei arbeider også for å styrke minoritetsspråk, urspråk og utrydningstrua språk, samt for å auke forståinga og toleransen mellom menneske gjennom å støtte eit levande språkmangfald. Den internasjonale morsmålsdagen vert knytt til FN sitt fjerde mål for berekraft. Det fokuserer på å gi alle ei god utdanning. Dette inneber å legge hovudgrunnlaget for livslang læring og kvalitet i det ein lærer. Ein får best mogleg utbytte ved å lære på eige språk.
Ressurs for læring
På Volda læringssenter ønskjer vi å markere morsmålsdagen. Kvar dag arbeider vi målretta med til dømes norsk- og grunnskuleopplæring. Her er morsmålet ein viktig ressurs for læring. Respekt for og opplæring gjennom deltakarane sitt morsmål er viktig for å fremje språkleg mangfald, forståing og toleranse. På den internasjonale morsmålsdagen vil vi setje ekstra søkjelys på kva ressursar som ligg i deltakarane våre. Menneske i Noreg med innvandrar- og flyktningbakgrunn vert ofte møtte med låge forventningar. Fokuset ligg på kva dei treng hjelp til. Slik vert ein sett på som ein svakare part. Den internasjonale morsmålsdagen er med på å snu dette biletet på hovudet. Den minner oss på å sjå kva ressursar som ligg i kvar enkelt deltakar, medmenneske eller medvandrar som den norsk-somaliske sjukepleiaren Safia Abdi Haase definerer oss som. Ho er kjent for sitt arbeid mot kjønnslemlesting og for kvinner og born sine livsvilkår.
Mykje til felles
Vi som arbeider i vaksenopplæringa, ser dagleg at alle har noko å bidra med dersom dei får sjansen. Deltakarane sin kompetanse på eige morsmål, tradisjon og kultur er suveren. Dette viser identitet og røter. Dette gjer den enkelte stolt. Ved å sette søkjelys på ulike morsmål ser vi krafta og moglegheitene i at vi er ulike. Samstundes kan vi synleggjere kor tydeleg det er at vi, til trass for ulikskapar, er like. Vi har mykje til felles og kan lære av kvarandre. Vi veit også at aktivisering av morsmålet gjev tilgang til kunnskap og fleire erfaringar, og dette gjev eit betre grunnlag for å forstå og lære gjennom eit nytt språk. Når eit nytt språk skal lærast, byggjer det på kunnskap og språkferdigheiter ein allereie har. Når morsmålet vert brukt og aktivert, får ein betre moglegheiter til å lære andrespråket og større moglegheit til å lære gjennom det nye språket.
Korleis markere dagen?
Så kva gjer vi ved Volda læringssenter i praksis for å markere morsmålsdagen? To lærarar på norskopplæringa ønskjer å utføre eit tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk og kunst og handverk der dei synleggjer morsmålet med ein installasjon som skal henge i vrimleområdet på skulen. Saman med deltakarane finn dei utvalde ord og frasar på alle morsmål som er representerte ved skulen. Deltakarane skal skrive desse orda og frasane på PC. Slik får dei også digital kompetanse. Orda og uttrykka skal printast ut, laminerast og hengast opp under kvarandre i ein tråd. Vi vil også arrangere ei opa scene der deltakarar og tilsette kan kome med bidrag om morsmål, morsmålsdagen, song, forteljingar, dramatisering, dans, eventyr, fakta om språk og liknande. Her vil vi mellom anna sjå på likskapar og ulikskapar i morsmål og feire språkrikdomen på skulen vår. Lærarane vonar at dette kan føre til samtaler og refleksjon kring språk generelt og morsmål spesielt. Lærarane ønskjer også å støtte opp om identitetsbygging og eigarkjensle til skulen og landet dei no bur i.
God internasjonal morsmålsdag 21. februar!
Kjelder:
Egeberg, Espen: Flere språk – flere muligheter. Cappelen Damm AS, 2016.
www.fn.no