• Blogg
  • Den nynorske språksongen

Den nynorske språksongen

29.05.2019

Helle Portrett

God høgtlesing har mange fordelar og inga øvre aldersgrense. Elevane treng å oppleve nynorsk som noko levande, meiner lærar Helle Ørbeck ved Sørumsand vgs.

Tekst: Helle Ørbeck
Foto: Ann Helen Buskenes Estenstad

Eit viktig verktøy i sidemålsopplæringa mi er å lese høgt for elevane på nynorsk. I år har eg ein klasse i norsk på vg3, og dei er på ingen måte for gamle til å bli lesne høgt for, sjølv om dei kan køyre eigen bil til skulen. God høgtlesing har inga øvre aldersgrense. 

Leseprosjekt

Vårt siste leseprosjekt på nynorsk var Fuglane (1957) av Tarjei Vesaas. Det er ei bok eg likar godt, men elevane opplever ho som vanskeleg tilgjengeleg både når det gjeld språk og innhald. Mange oppfattar språket som ein ekstra barriere, slik at dei må bruke mykje energi på å avkode orda, og dermed forsvinn innhaldet på vegen.

Eit av mine ønske er at elevane skal bli autonome lesarar på sidemålet. Då kan dei heller nytte energien til å reflektere over innhaldet. Til dømes korleis ein kan vise forståing og empati både med Mattis og Hege, eller korleis romanen stiller viktige spørsmål om kva som har verdi i eit menneskeliv og i eit samfunn. Høgtlesing blei eit viktig steg på vegen mot desse refleksjonane. 

Høgtlesing har mange fordelar

Slik eg ser det, har høgtlesing mange fordelar. For det første ønsker eg, som eg allereie har vore inne på, å skape liv i teksten og gje elevane ein melodi til det nynorske språket. Målet er at dei skal kunne tenkje høgtlesinga inn i teksten når dei seinare les tekstar sjølv. Til dømes er eg tydeleg på å leggje inn klåre g-lydar der dei ikkje finst på bokmål, slik at det blir "meg" i staden for "mei". Eg er medviten når eg les at eg ikkje les på dialekt, nettopp for å skape rammer rundt nynorsken.

For det andre gjev situasjonen der vi les høgt, ei unik moglegheit til at vi kan stoppe opp i teksten undervegs. Når alle er på same stad i teksten til same tid, kan eg forklare vanskelege ord, oppsummere kva som har skjedd, eller kommentere frampeik eller andre verkemiddel som elevane kanskje ikkje legg merke til når dei les sjølv.

For det tredje kan elevane velje korleis dei vil møte teksten. Dei kan kombinere det auditive og det visuelle og følgje med i boka samstundes som eg les, eller dei kan lukke auga og berre lytte. Eg ser at elevane ofte vel kombinasjonen av auditivt og visuelt, dei blar om samstundes som eg, og følgjer med der eg les. Det å halde boka i handa gjev i tillegg eit taktilt element, og det blir vanskelegare å la seg distrahere av andre ting når hendene er opptekne. 

Elevane likte høgtlesing

I etterkant av høgtlesinga frå Fuglane kommenterte elevane at dei likte at vi las høgt. Nokre kommenterte at det var lettare å forstå teksten, fordi dei slapp å lure på korleis eit ord skulle uttalast, eller kva det tydde. Andre kommenterte at dei hugsa mykje meir av det vi las saman enn det dei las åleine, og at det er godt å kunne ta pausar i teksten der vi snakkar kort om kva som har hendt. Dei opplevde høgtlesinga ekstra viktig fordi dei syntest boka var vanskeleg å forstå. 

Ser og les lite nynorsk

Ei utfordring med å drive sidemålsopplæring sentralt på Austlandet der dei aller fleste har bokmål som hovudmål, er at mange elevar ser og les lite nynorsk i kvardagen. Nynorsk blir ikkje eit aktivt språk i bruk, anna enn i norskfaget . Ein konsekvens av det er at mange ikkje veit korleis nynorsk ser eller høyrest ut. Det gjer at dei ikkje kan nytte språkkjensla si til å finne ut kva som er god nynorsk, slik dei kan bruke kjensler om kva som er godt språk på hovudmålet.

Høgtlesing som metode

Det blir stilt mange krav til kva elevane skal meistre på sidemålet, både i lesing og skriving. Høgtlesinga er ein av metodane som kan hjelpe dei vidare i utviklinga av språkkjensle og -kompetanse på nynorsk. Eg forsøker å lese med innleving, og så jamt eg klarar, utan for mykje unødige pausar og nøling. Det kan vere utfordrande, men på same tid gjev det mykje attende. Kanskje kan eg også tenne eit lite leselys i nokon av dei, og då er det i alle fall verdt det dei gongane eg går ut av timen med litt tørr hals.