• Blogg
  • Eit svik mot nynorskelevane

Eit svik mot nynorskelevane

24.05.2023

Senterleiar Synnøve M Sætre Foto Kristianne Marøy til nettside003

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen, må finnast både på nynorsk og bokmål, gjer fleirtalet i komiteen så godt som ingenting for nynorske læringsressursar.

– Dette er svært skuffande og beint fram eit svik mot nynorskelevane, seier Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret.

Ei samla språkrørsle, lærarar, Utdanningsforbundet, læremiddelprodusentar, Språkrådet og ikkje minst over 120 ordførarar har kravd at læringsressursar utvikla til bruk i skulen må finnast på både nynorsk og bokmål.

Med den nye opplæringslova har Stortinget sjansen til å betre den alvorlege læremiddelsituasjonen for nynorskelevane, men fleirtalet i komiteen bed berre om vidare kartlegging, trass i at behovet for nynorske læringsressursar allereie er skrikande.

– Det er ikkje intensjonar me treng no, me treng ei opplæringslov som sikrar reell rett til opplæring på eige språk, seier Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret.

Om ei veke skal opplæringslova handsamast i Stortinget. Senterleiaren ved Nynorsksenteret peikar på at dersom Stortinget ikkje vedtek eit språkkrav til læringsressursar, aksepterer dei at nynorskelevane har dårlegare vilkår for ei god opplæring i språket sitt enn bokmålselevane har.

– Det er svært alvorleg og slettes ikkje i tråd med offisiell språkpolitikk som seier at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Me har bede om at nynorskelevar skal få den same retten til opplæring i eige språk som bokmålselevane har. Det er heilt utruleg at fleirtalet i utdanningskomiteen ikkje støttar det. No må Stortinget rydde opp, seier senterleiaren ved Nynorsksenteret.