• Blogg
  • Elevane treng velfungerande skulebibliotek!

Elevane treng velfungerande skulebibliotek!

31.05.2022

Toril Aune Børmo

Skulebiblioteket skal tilby eit breitt utval av barne- og ungdomslitteratur, og har ansvar for at litteraturen elevane møter, er relevant og speglar dei. For å oppfylle måla i Kunnskapsløftet er det ein føresetnad at elevane har tilgang på velfungerande skulebibliotek. Elevar av i dag treng å lese litteratur av i dag, og dei treng å møte litteratur på både nynorsk og bokmål.

Tekst: Toril Aune Børmo
Prosjektkoordinator for skulebibliotek i Øygarden kommune

Som del av koordineringstenesta for skulebibliotek i ein nynorskkommune, er eg bekymra for kva litteratur elevane møter på skulebiblioteka, og om dei får lese litteratur på nynorsk. Mangelen på bøker på nynorsk kan ha konsekvensar for brukarar av nynorsk. Som med alt anna treng ein øving om ein skal lære seg noko; har ein ikkje tilgjengeleg nynorsk skjønnlitteratur, får elevane eit dårlegare utgangspunkt for å betre nynorskkompetansen sin.

Forlaga må satse på nynorske utgivingar

Statistikken til Norsk Barnebokinstitutt over bokutgivingar for barn og unge, viser at det vart gitt ut 831 bøker på bokmål (92,3%) og 69 på nynorsk (7,7%) i 2020. Vi treng med andre ord fleire forlag som satsar på nynorske utgivingar. Populære seriar frå andre språk, som vi veit barn og unge les, bør bli omsette til nynorsk. Ifølgje NRK har verken Cappelen Damm, Aschehoug eller Kagge gitt ut bøker for barn og ungdom på nynorsk i 2021. Kanskje kan ei ny boklov vere med på å sikre eit mangfald av litteratur, der òg nynorske utgivingar blir prioriterte? Samlaget foreslår blant anna at ein bør etablere ei innkjøpsordning for skulebiblioteka med eit øyremerkt nynorskansvar. Dette er gode tiltak som vil kome representasjonen av nynorsk på skulebiblioteka til gode, men det nyttar ikkje om forlaga ikkje gir ut bøker på nynorsk og populærlitteraturen ikkje vert omsett til nynorsk. Det er eit stort problem at dei bøkene barna vil lese, ikkje er på nynorsk.

Elevane må møte på nynorsken som eit levande språk

Å vere konsekvent i bruken av nynorsk, til dømes når det kjem til utstillingar og skilting i skulebiblioteket, er ein tydeleg måte å vise at nynorsken har ein viktig plass her. Mange nynorskkommunar er under press grunna sterk vekst og tilflytting. Av den grunnen er det viktig at kommunen har ein medviten språkbruksplan, og at elevane møter nynorsk også på skulebiblioteket.

Skulebibliotekar må få tid til å samarbeide

Skulebibliotekar treng å samarbeide med både med lærarar og andre skulebibliotekarar om litteratur. Framtida.no og Pirion har gjennomført ei undersøking om innkjøp av nynorske bøker til skulebiblioteka. 29 prosent av dei som svarte i undersøkinga, seier dei sjeldan eller aldri diskuterer innkjøp av bøker i personalgruppa på skulen. Berre litt under 15 prosent diskuterer innkjøp minst éin gong i månaden. Her må skulane vere medvitne verdien av samarbeid. På spørsmål om kva som skal til for å få fleire nynorske bøker i skulebiblioteket, er svaret meir pengar til innkjøp, større utval av bøker og betre medvit. Elevane trekkjer fram betre framsider og spennande illustrasjonar. Folkebiblioteka bør hjelpe skulebibliotekarane med å utvikle innkjøpslister, og det bør bli sett av tid og ressursar til å opprette nettverk der skulebibliotekarar får dele erfaringar med kvarandre. Kommunane bør vektlegge samarbeid mellom einingar, for skule og folkebibliotek kan saman vere nøkkelen til forbetra kvalitet.

Vi treng ope skulebibliotek! 

Korleis skal ein kunne fronte og vise fram god nynorsk litteratur når elevane møter stengde dører eller skulebibliotek utan betening? I gjennomsnitt har ein skulebibliotekar 5 timar i veka, men i kommunen eg jobbar i, er gjennomsnittet på 1,75 timar i veka. Det seier seg sjølv at pedagogisk arbeid knytt til skulebiblioteket blir problematisk med ein så liten post.

Vi treng ei lovendring

Lova om skulebibliotek seier berre at det skal vere eit skulebibliotek, men ikkje kva det skal vere. Då blir skulebiblioteket fort nedprioritert i ein pressa kommuneøkonomi. Ei lovendring og ein kommunal skulebibliotek-standard som seier noko om budsjett og drift, i tillegg til pedagogisk arbeid knytt til skulebibliotek, er naudsynt å få på plass viss vi skal kunne nå måla i læreplanen, og vil vere første ledd i ei oppgradering av skulebiblioteka. Berre då kan vi vere sikre på at elevane blir presenterte for relevant og ny litteratur på både nynorsk og bokmål.

Kjelder:

Bok & Bibliotek

Framtida.no

Norsk Barnebokinstitutt

NRK

Regjeringa, om ny boklov:

Pirion