• Blogg
  • Fantasymeisteren Asbjørn Rydland

Fantasymeisteren Asbjørn Rydland

13.02.2024

Asbjørn Rydland rotert portrett til nettside

Asbjørn Rydland byr ungdommen på magi, teknologi og dystopi i eit språk så rikt at det smakar av poesi. 

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

«Dette er ei gammal verd, fødd på ny. Der magien før flaut fri som song i og mellom alt levande, drakar flaug over himmelen og gudar og demonar striddest opent, er no berre menneska att.» 

Slik startar Drakeguten. Boka kom i 2010, og i forfattaromtalen i boka står det enkelt og greitt: «Asbjørn Rydland (fødd 1976) er debutant.» Og så les ein boka, og det kjennest så gjennomført og trygt og erfarent. For sjølv om Rydland var debutant som forfattar, hadde han levd med og i dette universet i mange år. Han dreiv med levande rollespel i laiv-miljøet og var ein av fleire som hadde jobba fram dette universet. Dermed trong han ikkje å lage kulissane etter kvart som han skreiv boka, for byar, folkeslag, konfliktar og detaljar som mynteiningar var dikta opp frå før. 

I Drakeguten møter me 13-åringen Koll. Han bur i landsbyen Kervad og bruker dagane på å hjelpe faren i stallen. Det verkar som eit vanleg liv i mellomalderen, heilt til det dukkar opp ein bit av eit drakeegg. Boka Drakeguten står stødig på eigne bein, men den som vil ha meir, kan også lese dei fire neste bøkene i serien. Heile soga om Koll er på 1723 sider. Rydland visste ikkje at det skulle verte så omfattande, men han visste at det skulle verte fem bøker. 

– Skjelettet i historia er dei endringane som Koll går gjennom i kvar bok. Eg hadde bestemt kvar det starta, og eg visste kvar eg ville han skulle ende opp. Og då måtte det verte fem bøker, seier Asbjørn Rydland i podkasten Bakom boka. 

Notida: Gaming og parallelle dimensjonar

Der Drakeguten tek oss til ein slags mellomalder, er me i notida i Galderstjerna. Dette er første bok om Vegandi, eit omgrep for dei som kan reise mellom vår verd og ein parallell dimensjon. Hovudpersonen er Eirik, og han har med seg venene Maria og Khalid i tjukt og tynt. Stikkord er gaming, alvar, norrøne gudar og moderne teknologi. Dette er såkalla portalfantasy, der ein hovudperson frå vår verd vert frakta inn i ei anna verd, som i Narnia-bøkene eller Den uendelige historien

– Eg var inspirert av Den uendelige historien, der hovudpersonen sit og les ei bok og vert dradd inn i ei anna verd. Men i staden for ei bok, brukte eg eit dataspel. Slik starta det, og så balla det på seg. Eg ville at gaming skulle vere eit sterkt element. Eg ville også ha med norrøne gudar. Og humor. Det var kjekt å koke i hop Galderstjerna, for det skulle vere både magi og teknologi, og då måtte eg bestemme om dette samhandlar eller om det er motstridande krefter, seier Asbjørn Rydland. 

Resultatet vart så bra at han fekk Uprisen for Galderstjerna i 2017, og seinare skreiv han oppfølgjaren Draumsende

Framtida: Kunstig og ekte intelligens

Rydland startar forfattarlivet i mellomalderen, held fram i notida og deretter tek han oss med eit byks inn i framtida. Terra Victoris er sett 200 år fram i tid. Her forlet han magien, men ny teknologi kan gjerne framstå som magi. Her får me setningar som «Blokkering av stemmebasert suggesjon iverksett.» 

Boka startar i det toget susar inn til Istanbul. Ingrid skal feriere med onkelen sin. Ho kommuniserer med ei elektronisk brodering ho har sydd inn i underarmen, ein assistent ho kallar Echo. I denne boka møter me restar av det gamle samfunnet, altså dagens, kombinert med eit nytt høgteknologisamfunn. 

Her er to hovudpersonar: Norske og relativt privilegerte Ingrid, og den tyrkiske gateseljarguten Zeki. Nasjonalstatar er ikkje så viktige lenger, for i denne verda er det private aktørar som bestemmer. Me lærer at menneska om 200 år har forkasta KI som er sjølvbevisst. Dei har til og med kriga mot han. Dette er ei bok som kvernar i tankane lenge etter at ho er ferdiglesen. 

– Eg meiner ikkje me skal vere redde for teknologi i seg sjølv, for der finst mange ting som er positive ved han. Og så finst der mange ting som er negative. Det viktige er at me har kontrollen på utviklinga, og at me ikkje overlet dei store avgjerdene til folk som kanskje ikkje har vårt felles beste i tankane. Uroa handlar ikkje om teknologi, det handlar om folk. Det handlar alltid om folk, seier Asbjørn Rydland i Nynorsksenterets podkast Bakom boka.