Finn bøker på nynorskbok.no
26.06.2024
Er du på jakt etter gode bøker til barn og ungdom?
På nynorskbok.no finn du omtalar av rundt 1000 bøker for barn og ungdom. Her finn du bøker for ulike aldersgrupper, og boklister.
Dei fire hovudkategoriane er:
Barnehage (0–6 år)
Barneskule (6–12 år)
Ungdomsskule (12–16 år)
Unge vaksne (16+)
På nettsida kan du finne mellom anna biletbøker, lettlesne bøker, diktsamlingar, romanar og teikneseriar.
– Kvifor bør barn og unge lese nynorske bøker?
– Det kjem ut svært gode bøker på nynorsk – spennande bøker, engasjerande bøker, morosame bøker, velskrivne bøker, bøker som seier noko om korleis det er å vere ung i Noreg i dag, seier høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.
For å verte ein god nynorskskrivar må ein lese mykje på nynorsk. Det gjeld både for elevar med nynorsk som hovudmål og for elevar med nynorsk som sidemål.
– Å lese nynorske bøker gjev slik sett ekstra vinst til lesarane. I tillegg til livsmeistring og underhaldning får dei både kvalitet og språkmeistring på kjøpet, seier Arild Torvund Olsen.
Kva meir finn du?
På nynorskbok.no finn du bøker med (gratis) undervisningsopplegg. Du finn også biletbøker og teikneseriar i gratis nettutgåve, klassisk barnelitteratur i nynorsk utgåve og nynorsk krim.
Har du elevar i klasserommet som treng lydbok? Vi har laga ei oversikt over nynorske lydbøker for barn og ungdom i Tibi-biblioteket. Ved å bruke desse bøkene kan du leggje til rette for at alle elevane kan ta del i dei same lesaropplevingane, både dei som lyttar, og dei som les.
Bakom boka
Bakom boka er podkastar med forfattarintervju som du finn både på Nynorskbok og der du lyttar til podkastar elles. Programleiar Heidi Fagna samtalar med ulike forfattarar som skriv på nynorsk. Målgruppa for desse podkastane er vaksne, men nokre av dei kan også passe for ungdomar.