• Blogg
  • Fornya nynorskopplæringa

Fornya nynorskopplæringa

17.10.2023

Emilie Johansen til nettside kvadratisk

Ungdomsskolen WANG Ung Oslo har fornya nynorskopplæringa si etter eit samarbeid med Nynorsksenteret. Norsklektor Emilie Johansen fortel om erfaringane deira.

Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden

– Kva var det som gjorde at Wang ungdomsskole tok kontakt med Nynorsksenteret?

– Vi tok kontakt med Nynorsksenteret fordi vi ville forbetre sidemålsopplæringa på WANG Ung Oslo. Alle elevane på skolen vår har nynorsk som sidemål, og mange hadde nok også skolen som einaste arena for å møte på nynorsk. Vi ønska difor å fokusere meir på sidemålsopplæringa, og særleg skrivedelen av norskfaget. Det var også stor interesse i norskseksjonen for å diskutere vurdering saman med Nynorsksenteret.

– Undervegs i samarbeidet hadde de ein kortnovellekonkurranse som var initiert av Nynorsksenteret, kan du fortelje litt om korleis elevane responderte på konkurransen?

– Elevane våre er veldig glade i konkurransar. Difor blei det stor suksess då norsklærarane lanserte Nynorsksenteret sin kortnovellekonkurranse. Eg trur kombinasjonen av humor og samansett tekst også bidrog til stort engasjement i elevgruppa. Elevane laga sine eigne kortnoveller, men ville gjerne vise og dele med kvarandre. Det bidrog til at mange elevar i kvar klasse ville sende inn kortnovellene sine. Hovudmålet – å bli betre på å skrive nynorsk, kamuflert i humor og konkurranse – resulterte dermed i eit positivt læringsmiljø rundt innlæring av sidemål. Noko vi absolutt treng meir av her i hovudstaden. Størst blei suksessen i 8C, der eleven som vann kortnovellekonkurransen, vann pizza til heile klassen. Det var ei utruleg fin gulrot for elevane.

Kan du fortelje litt om omfanget, korleis kursrekka har vore gjennomført?

– Samarbeidet med Nynorsksenteret har stort sett gått føre seg over møte på Teams og e-post. I tillegg til lesetips, nyttige ressursar, kreative skriveoppgåver og rettleiing inn mot eksamen har vi hatt tre kurs på 60 minutt i løpet av eitt år. Kursa har handla om korleis ein kjem i gang med nynorskundervisning på ungdomsskolen, vurdering og tilbakemelding og å planlegge for nynorskundervisning i årsplanen til skolen. I kursa har vi diskutert noverande praksis, sett på elevtekstar, fått presentasjonar og nyttige tips og ressursar.

– Kva har vore det viktigaste for deg i di undervisning?

– For meg har det viktigaste vore å ufarleggjere sidemål for elevane mine. Her har Nynorsksenteret vore til stor hjelp. Dei har vist fram fleire låg-terskel-oppgåver som dei har laga, og vist oss korleis sidemålsopplæringa kan vere litt til stades året rundt. Kortnovellekonkurransen er eit godt eksempel på ei låg-terskel-oppgåve som fall i smak hos elevane. Eg trur elevane har et meir positivt syn på sidemålsinnlæringa no som dei møter på noko nynorsk kvar veke, i staden for «bolkar» eller periodar der alt skal skje på sidemålet.

– Kva skulle du gjerne lære meir om?

– Eg skulle gjerne ha lært meir om kreative måtar for innlæring av grammatikk. I tillegg er eg nysgjerrig på korleis vi lærarar kan drive med sidemålsopplæring på ein god og engasjerande måte i desse KI-tidene. Altså korleis bruke kunstig intelligens til vår fordel, og korleis ein sikrar ei god opplæring utan at hjelpemiddel er nødvendige.

– Kva trur du kursa har betydd for nynorskopplæringa ved Wang ungdomsskole?

– Eg trur kursa har bidrege til at norsksseksjonen ved WANG Ung Oslo både planlegg og gjennomfører sidemålsopplæringa annleis enn før. Det verker som at norsklærarane i stor grad har gått bort frå tradisjonelle nynorsk-periodar. No planlegg vi for innslag av nynorsk tilnærma kvar veke. Då får elevane skrive- og leseoppgåver på nynorsk i alle temaa vi jobbar med i norskfaget. Slik er også elevane betre rusta til å møte eksamensoppgåver på nynorsk uavhengig av tema.

Kva trur du lærarane har teke med seg vidare etter desse kursa?

– Som nemnt trur eg sjølve årsplanen har endra seg til det betre med tanke på sidemålsopplæringa. Eg har også inntrykk av at det er lågare terskel for skriving i begge målformer på alle trinn.

– Er dette noko som du trur andre skular kunne hatt nytte av?

– Absolutt. Eg anbefalar andre skular å nytte seg av dei gode ressursane som ein finn på nettsidene til Nynorsksenteret, i tillegg til å ta kontakt for samarbeid med ein svært hyggeleg gjeng.

Vil de at Nynorsksenteret skal halde kurs eller foredrag? Ta kontakt med oss på post@nynorsksenteret.no, så kan vi skreddarsy eit opplegg som passar for dykk.