• Blogg
  • Gjev ut debutboka «Kampen»

Gjev ut debutboka «Kampen»

28.04.2021

Eiksund Geir Egil c Kristianne Maroy til nettside

Forfattar Geir Egil Eiksund gjev ut romanen «Kampen». Det er ei bok han gjerne skulle ha lese som barn då han sjølv oppdaga at han var homofil.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Kristianne Marøy

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt. Som lesarar vert vi inviterte med inn i tankane til Andreas.

Om forfattaren

Geir Egil Eiksund (f. 1988) vaks sjølv opp i ei bygd på Vestlandet. Nærare bestemt i Ørsta kommune på Sunnmøre. Då han gjekk i femte klasse, oppdaga han at det var gutar han var interessert i. Først då han vart 25 år torde han å stå fram som homofil.

– Som barn følte eg meg nok annleis. Gjennom media hadde eg rett nok sett nokre få kjendisar som var homofile, men eg kjende ingen rundt meg som var det. Difor tok det så lang tid før eg torde å fortelje andre kva eg følte, seier Geir Egil Eiksund.

Prosessen

Eiksund byrja å skrive på manuset hausten 2018, deretter deltok han på eit skriveseminar i regi av Samlaget i mars 2019.

– Det var veldig gjevande og lærerikt å få tilbakemeldingar frå andre barnebokforfattarar og deltakarar på seminaret. Etter dette seminaret vart eg kopla til ein redaktør, og så var arbeidet med boka i gang, fortel han.

Dei siste to åra har han i periodar jobba med boka ved sida av jobb.

– Utfordringa har vore å vite korleis språket skal vere når du skal møte ein ung lesar. Der har det vore ein tryggleik å ha forlaget i ryggen. Eg er veldig spent på om boka treffer barn og unge når dei skal byrje å lese ho, seier Eiksund.

Kampen omslag til nettside komprimert
Bokomslaget er illustrert av Laila Myrseth Tryggeset.

Kampen

Hovudpersonen Andreas har fleire interesser, mellom anna fotball og musikk.

– Eg ser at det er mykje av meg sjølv i boka utan at det er meg, men slik trur eg ofte det er når du skriv di første bok. Eg føler vel heller at eg kan kjenne meg meir igjen i han som er onkelen i boka, seier forfattaren.

Tittelen Kampen kan tolkast på fleire måtar. Fotball speler ei sentral rolle i den ytre handlinga, men tittelen fortel også om den indre kampen som Andreas kjempar mot seg sjølv. Gjennom hendingar i boka viser forfattaren at enkeltpersonar og enkelte miljø kan vere negative overfor homofile.

Ein del barn og unge kan kjenne på ei frykt for korleis familie, venner og andre i samfunnet vil reagere dersom dei står fram som homofile. Geir Egil Eiksund er tydeleg på kva han ønskjer å formidle til barn og unge som les boka.

– Det går bra! Dei tre orda hadde gjort underverk for meg som 12-åring, seier Eiksund som trur han kunne hatt stor nytte av å lese ei slik bok då han sjølv var på den alderen.

Ei historie om andre som har det slik, og som syner at ein ikkje er åleine. For mange er nok den største frykta den ein skaper i sitt eige hovud. Vennskap og kjærleik er sentrale tema i Kampen.

– Alt blir ikkje nødvendigvis rosenraudt og perfekt, men historia skal syne at det går heilt fint å vere homofil, seier Geir Egil Eiksund.

Vann gullbillett

På sikt kan det også bli turné på boka. Over 70 søknader kom inn til Den Kulturelle skulesekken (DKS) si satsing på nynorskproduksjonar i 2020. Og Geir Egil Eiksund er ein av sju som vart valde ut til å få ein gullbillett. Det inneber at han vil få økonomisk, fagleg og språkleg støtte til å utvikle ein produksjon som tek utgangspunkt i Kampen.

– Draumen er å lage ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå då vi gjekk på skulen, seier Geir Egil Eiksund.

Les bokomtale av Kampen på Nynorskbok.no.