• Blogg
  • Presentasjonar frå seminaret: God start med nynorsk på 5.–7. trinn

Presentasjonar frå seminaret: God start med nynorsk på 5.–7. trinn

23.09.2021

IMG 0380

Torsdag 23. september arrangerte Nynorsksenteret eit digitalt seminar. Seminaret handla om korleis ein kan gje elevar med bokmål som hovudmål ein god start med nynorsk på 5.–7. trinn.

Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Ingvild Sandø Rullestad delte tips, opplegg og erfaringar frå klasserommet etter mange år som lærar på Finstad skole i Lørenskog.

Presentasjonen til Ingvild Sandø Rullestad

Anne Marta V. Vadstein ved Nynorsksenteret gav ei innføring i satsingane Språkløyper og Tidleg start.

Presentasjonen til Anna Marta V. Vadstein

Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret presentere prosjektet Bok på 1-2-3, nettsida Nynorskbok.no og leseaksjonen Tid for ti.

Presentasjonen til Guro Kristin Gjøsdal

Kollasj GIAM ny versjon
Frå venstre: Guro Kristin Gjøsdal, Ingvild Sandø Rullestad og Anne Marta V. Vadstein.

LK 2020 er tydeleg på at ein skal undervise i sidemål tidleg. Elevar skal bli lesne for på sidemålet dei to første skuleåra, for deretter å lese sjølve på sidemålet frå 3. trinnet og prøve ut skriving frå 4. trinnet.

På 5.–7. trinnet skal elevane utforske skriving på sidemålet. Nynorsksenteret ønsker å dele kunnskap om god nynorskopplæring for elevane på desse trinna.

– Vi ønsker å skape medvit om nynorsk språk og språkarbeid og å gjere målgruppene våre kjende med den rike nynorske barnelitteraturen. Vi ønsker også å vise korleis barnelitteraturen kan brukast tverrfagleg og til djupnelæring, også innanfor verdigrunnlaget i opplæringa, seier Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

– Kvifor er det viktig med opplæring i sidemål på 5.–7 trinnet?

    – Når vi snakkar om språk i klasserommet, tek vi utgangspunkt i elevane sine tidlegare språkerfaringar. Å utforske likskapar og skilnader mellom språk og dialektar aukar den språklege bevisstheita. Vi trur på å skape ein positiv kultur for språksamtalar i klasserommet, og vi trur på at litteraturen kan vere ein språkleg døropnar. For å lære eit språk må ein bli eksponert for språket. Språket ein møter i litteraturen, styrkjer elevane si eiga skriving og lesing. I litteraturen møter elevane ord og setningar som dei ikkje møter i det munnlege språket. God litteratur og gode modelltekstar er gode utgangspunkt for å utforske skriving på nynorsk, seier Gjøsdal.