Grensesprengaren Hans Sande
15.01.2026
Hans Sande har hatt ein grensesprengande forfattarskap, og i ein alder av snart 79 er han slett ikkje i mål. Han har skrive biletbøker, barnebøker, ungdomsromanar og dikt for alle aldersgrupper, og bøkene har gjort han til hovudperson i ei rekke kontroversar.
Tekst og foto: Heidi Fagna
Hans Sande har skrive over 50 bøker sidan 1969, og fleire av dei har skapt debatt. Han debuterte som forfattar i 1969 med lyrikksamlinga Strime. Boka var skriven for vaksne og sikra han Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Tre år seinare ville han gi ut ei diktbok for barn.
Eit kjapt tidsbilete: I 1972 hadde Noreg éin TV-kanal og éin radiokanal. Den lange Gerhardsen-æraen var over, men Ap hadde igjen sikra seg makta, og statsministeren heitte Trygve Bratteli. Noreg stemte nei til EF for første gong. Me var nært knytte til USA. Der var Richard Nixon president, og amerikanarane hadde delteke i Vietnam-krigen i fleire år. Hans Sande hadde vorte 26 år, og han var medisinstudent i Bergen. Han gav ut ei diktsamling for barn i alderen 4–8 år, med tittelen Lita grøn grasbok.
«Herr Nixon President
som alltid åt seg mett
bomba eit land
han aldri hadde sett»
Dikta kom under pseudonymet Rasmus Lie. Ikkje fordi Sande frykta debatten boka kunne starte, men fordi det vart så mykje oppstuss i Bergen etter førre bok.
Vel.
Debatt vart det, i alle fall. Lita grøn grasbok fekk ikkje støtte frå Kulturrådet. Tønsbergs Blad skreiv kritisk på leiarplass (24.11.72) om kultur-marxisme, og meinte det var bra at det dei kallar oppviglarane i kulturlivet så langt ikkje hadde klart å få fleirtal i Kulturrådet. «Det er i det minste satt et visst minstemål på hva man med hell kan be samfunnet være med på å betale for når det gjelder indoktrinering av fire-åringer», står det i leiaren. Formannen i Kulturrådet sa at «forfatteren har en sadistisk glede av å gi barna sjokk».
Halldis Moren Vesaas og Torbjørn Egner var derimot mellom dei som støtta utgivinga.
– USA-lojaliteten i gamle Noreg stod sterkt. USA var den åndelege føraren vår. Og synet på barnelitteraturen var at ein ikkje skulle blande inn noko som var komplisert eller omstridd, seier Hans Sande i podkasten Bakom boka.
Dette vart den største debatten han starta. Det er langt frå den einaste, men den einaste me – av plassomsyn – går inn i her. Me tek i staden for oss eit utval av bøkene han har skrive for barn, ungdom og unge vaksne.
Biletbøker for barn
På 2000-talet kom ein serie på førebels seks biletbøker, som er spreidde over meir enn 20 år. Arkimedes er ein katt som bur hjå jenta Evreka og den sprø oppfinnarfaren hennar. Det første me får vite om faren, er at han ligg i badekaret og prøver å finne opp firkanta såpebobler. Og han ligg i badekaret i kvar einaste bok, med diverse såpeboble-relaterte prosjekt.
Arkimedes og brødskiva (2000): Faren seier det er ei naturlov at kattar alltid landar med føtene ned, og at brødskiver landar med smørsida ned. Dette må Evreka teste ut, så ho surrar ei skive med smør fast på ryggen til katten og slepper han ut vindauget – og han flyg! Han vert angripen av kråker som et opp skiva, og då dett katten raskt. Han landar i fjeset til pappa, som er så uheldig å skjegle med auga nett då, samstundes som vinden snur – så han vert sånn.
Arkimedes og rulletrappa (2002): Dei reiser på møte med dei beste oppfinnarane i landet. Men i byen vert Evreka og Arkimedes maltrakterte i rulletrappa, og oppfinnarane prøver etter beste evne å setje dei saman att. Då dei til slutt klarer det, applauderer dei for seg sjølve, ikkje for jenta og katten. Då får faren nok, og reiser heim.
Promping av såpebobler er eit gjennomgangstema, og i Arkimedes i prompeland (2006) tek Sande han heilt ut. Dei reiser til Prompeland, som ligg i Det indiske hav, eit stykke utanfor Madagaskar. I Prompeland kommuniserer dei sjølvsagt med tarmgass, og det er rekna som stygt å snakke med munnen.
I Arkimedes og snøballen (2012) lagar dei ein snøball som vert så stor at han rullar på sjøen og flyt av garde. Snøballen driv til Middelhavet og Sardinia, men der har dei ikkje sardinar. Derimot er der ein rik italienar som vil kjøpe snøballfjellet for ti millionar. Men så smeltar snøfjellet, og dei hamnar i fengsel for svindel.
I Arkimedes og vindmølla (2020) prøver faren å finne ein meir natur- og dyrevenleg måte å produsere straum enn vindmøller. Og han lager ei flygande vindmølle, forma som ein luftballong med åtte vindmøller rundt. Dette er den einaste av Arkimedes-bøkene som har ein tydeleg politisk bodskap.
I 2023 kom den sjette: Arkimedes og appelsinskrellaren . Evreka ber faren om hjelp til å skrelle ein appelsin, og då finn han like godt opp ein appelsinskrellar. Skrellaren går snart amok og skrellar alt han kjem over, inkludert kleda til lensmannen og håret til branndama. Faren har gløymt å lage av-knapp, så det må han gjere i all hast.
Andre biletbøker
I Plommetreet (1984) møter me ein gut som svelgjer ein plommestein. Etter nokre dagar har han eit blad i halsen, og nokre dagar etter kjem det små knoppar ut av fingrane hans. Sakte vert han eit plommetre. Faren taklar det ikkje spesielt godt, og guten rømmer til fjells. Der står han og blomstrar og gir plommer til ein familie som etter kvart får skrella han ut av treet.
Fire år seinare kom Elefantevangeliet (1998). Sande har laga eit nytt evangelium, som startar med at Jesus hjelper elefantane med å utvikle normalt lange snutar til lange snablar. På slutten bruker elefantane snablane til å hente Jesus ut frå grava for å bere han til den fattige kvinna Anisa, som kan få liv i døde folk og dyr. Men ho lukkast ikkje, så elefantane begynner i staden å fortelje om alt det utrulege Jesus fekk til.
Då eg kom heim, var hesten borte frå 2008 er heilt annleis. Dette er ei vakker og roleg bok, heilt utan absurditetar, humor eller provokasjon. Det er bestefar som seier at hesten hans var borte då han kom heim med bussen. Han var motstandsmann under krigen og vart send til fangeleir i Tyskland. Hesten hans vart slakta medan han var borte. Den vaksne lesaren forstår at bestefar er dement, og det gjer den unge hovudpersonen også. Han møter bestefaren mildt og forståingsfullt.
Så til ei sterkt politisk bok: Pappa er sjørøvar (2011). Her møter me Tuva, som er med far sin for å røve sjø. Dei fyller tankbilen frå ein innsjø i Finland og frå eit badebasseng i Israel, for å gi vatnet til palestinarar, som er frårøva vatnet sitt. Boka leikar med form og ord, og etter kvart vert det avdekka eit tungt og politisk bakteppe.
Barnebøker
Eline og ulven (2002) er ei slags modernisering og vidareutvikling av Raudhette og ulven.
Eline besøker bestemor, og så skal ho gå til bestefar, på den andre sida av skogen. På vegen dit vert ho innhenta av ein springande, ulveliknande mann. Han sjekkar etter kvart ut av historia, men Eline drøymer seinare at han er ein ulv, som ho reddar frå jegerane.
Frå Leseløve-serien til Cappelen Damm, for dei aller ferskaste lesarane: Lars på Mars (2012), om Lars som skal lage fromasj. Men så er han uheldig og søler med egget, og foreldra vert sure og sinte. Så han rømmer til Mars. Og kjem heimatt når han treng trøyst. I biblioteka sin lesekampanje Sommarles var denne nr. 6 på lista over dei hyppigast registrerte nynorske bøkene i 2024 – 12 år etter boka kom ut.
Ungdomsbøker
Svart kalv@kvit snø (2006) er ein e-postroman. Dei to e-postskrivarane er ei ku og den vekkrømde stutekalven hennar. Kalven heiter Krøllalfa, og han stiller mange spørsmål om livet, verda og faren Alfa. Kua svarer etter beste evne. «Anbefales alle som har lyst på noe vågalt, bisarrt og overraskende!», skreiv Inger Østenstad i barnebokkritikk.no.
I Blå øger kan isje lyge (2013) følgjer me hovudpersonen frå han er 14 til 16 år. Han er einsam og tenker mykje, og han er det einaste levande mennesket han veit om. Alt og alle rundt han er laga av elastin. Faren les same avis kvar morgon; Bergens Tidende fra 4. april 1971, om den forsvunne Isdal-kvinna. Heile boka er skriven på bergensk.
Lyrikk
Hans Sande har også skrive mange lyrikkbøker for vaksne, og mykje av det kan brukast i vidaregåande skule. Tre døme: Kunsten å somle (2015), Skogkyss (2016) og Haustsong (2021). Her er det tenksamt og kjenslevart, om forhold og kjærleikssorg. Heilt frå debuten Strime i 1969, har det vore tydeleg at Sande er oppteken av det mellommenneskelege, samfunn og politikk. Prestesonen har også teke eit tydeleg oppgjer med Gud.
Hans Sande har skrive over 50 bøker. Ei ganske fullstendig liste finn du i denne artikkelen i Store norske leksikon. Lista manglar bøkene som har kome etter 2016.