• Blogg
  • Ny leiar på Nynorsksenteret

Ny leiar på Nynorsksenteret

05.05.2026

Liv Kristin komprimert til nettside

Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng skal leie Nynorsksenteret dei neste fire åra. Ho tek over etter Synnøve Marie Sætre, som har leia senteret sidan 2022.

Øvereng er utdanna allmennlærar med mastergrad i spesialpedagogikk. Ho har doktorgrad i utdanningsvitskap og humaniora med avhandlinga Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis.

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har vore tilsett ved Nynorsksenteret sidan 2010. Tidlegare har ho vore lærar i grunnskulen med vekt på byrjaropplæring. Ho har også vore faglærar på barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) er eit ressurssenter for nynorsk som vil auke kvaliteten på arbeidet med nynorsk i skulen og barnehagen. 

– Nynorsksenteret har eit viktig nasjonalt mandat, som me løyser gjennom forsking, ressursutvikling, formidling og rådgjeving. Dette arbeidet har fått godt rotfeste, og det er ei glede å få lov til å leie arbeidet vidare i lag med alle dei gode tilsette ved Nynorsksenteret, seier Øvereng.

Nynorsksenteret vart oppretta 1. januar 2005. Synnøve Marie Sætre er den tredje leiaren i historia til senteret. Sommaren 2026 går det fire år lange åremålet hennar ut, og ho søkjer ikkje på nytt fordi ho skal flytte.

– Det har vore spennande å leie Nynorsksenteret. Eg har fått teke del i det viktige arbeidet Nynorsksenteret gjer for nynorskopplæringa i heile landet, og eg har fått gjort det saman med ein drivande dyktig og triveleg gjeng. Det er godt å gje stafettpinnen vidare til Liv Kristin. Då er senteret i dei beste hender, seier Sætre.

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng tek over som leiar for Nynorsksenteret 1. august.

Gruppefoto NYS komprimert til nettside
Tilsette ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. (Foto: Steinarr Sommerset)