• Blogg
  • Digital lesestund med Maria Parr på Nynorskdagen 12. mai

Digital lesestund med Maria Parr på Nynorskdagen 12. mai

27.04.2026

Maria Parr i skogen foto komprimert til nettside IMH

Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Bli med på digital lesestund med Maria Parr på Nynorskdagen 12. mai klokka 10.00.

Den populære barnebokforfattaren inviterer til ei direktesend lesestund for barn og unge på sjølvaste Nynorskdagen tysdag 12. mai klokka 10.00. Under lesestunda får de høyre Parr lese frå den siste boka si Oskar og eg - Alle tinga vi har.  

Bruk Nynorskdagen til å lytte til ein av Noregs mest lesne barnebokforfattar, og marker dagen med litteratur og forteljarglede!

Merk dykk at arrangement vert strøymt direkte, og det vil ikkje vere mogleg å sjå opptak av opplesinga.

Meld deg og klassa di på arrangementet her innan måndag 11. mai klokka 12.