• Blogg
  • Bli med på nynorskveka!

Bli med på nynorskveka!

05.05.2026

Ny versjon av hovudbilete

Vi oppmodar barnehagar, skular, bibliotek og andre til å markere nynorskveka 6.–12. mai. 

På oppdrag frå Noregs Mållag har Nynorsksenteret laga nye opplegg for barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. På nettsida til Noregs Mållag kan du lese meir om nynorskveka. Her finn du også grafikkar til utskrift og sosiale medium. 

Arrangement på nynorskdagen 12. mai

Maria Parr i skogen foto komprimert til nettside IMH

Tysdag 12. mai klokka 10.00 kan alle bli med på digital lesestund med forfattar Maria Parr på nynorskdagen. Under lesestunda får de høyre Parr lese frå den siste boka si Oskar og eg – Alle tinga vi har. Meld på klassa her. 

Monia Goksøyr foto Oda Berby komprimert til nettside

Tysdag 12. mai klokka 10.00 inviterer vi til eit digitalt innlegg der lærarar og elevar kan vere med og lære meir om Ivar Aasen, og om uventa koplingar mellom språkhistorie og hiphop-kultur. Kva har eigentleg Ivar Aasen til felles med hiphop? Meld på klassa her. 

Opplegg for dei yngste

Klipp Og Lim Jakob Og Neikob Foto

Kari Stai har laga mange fine bøker om Jakob og Neikob. Her finn du idear til korleis du kan arbeide med Jakob og Neikob i barnehagen.

Jakob Og Neikob Ikon

Jakob seier alltid «ja». Neikob seier alltid «nei». Her finn du idear til korleis du kan arbeide med Jakob og Neikob i barneskulen, i tillegg til ein animasjonsfilm.

Aasen med hatt nett

Her får dei vaksne prøve å framføre ei lita dramatisering om Ivar Aasen sine lange vandringar på jakt etter norske dialektar.

Aasen blomar nett

Gå ein natursti og samle plantar saman. Etterpå kan de plukke blomar, presse dei og lage dykkar eige herbarium, akkurat slik Ivar Aasen gjorde.

Opplegg for mellomtrinnet

Bjork kvadrat

Gå ein natursti og samle plantar saman. Etterpå kan de plukke blomar, presse dei og lage dykkar eige herbarium, akkurat slik Ivar Aasen gjorde.

Nynorskbingo barneskulen

I nynorskbingoen finn du varierte lese- og skriveoppdrag som elevane skal bli utfordra til å gjere. Bruk nynorskbingoen som inngang til å arbeide med nynorsk, og la oppdraga opne for gode samtalar om språk og språkbruk. 

Opplegg for ungdomsskule og vgs.

Spraakshowikon

I dette opplegget skal elevane arbeide i grupper med eit felles språkshow der dei utforskar både språkhistoria og dialektrikdomen vår. Målet er at elevane skal utvikle eit engasjerande og lærerikt innslag til eit tenkt tv-program der dei viser korleis dialektar, språkhistorie og språkhaldningar heng saman.

Blixikon

Kva har ein 130 år gammal nynorsk song med FK Bodø/Glimt å gjere – og kva kan livet og arbeidet til Elias Blix fortelje oss om det norske samfunnet? Dette undervisingsopplegget gir elevane ein konkret og engasjerande inngang til norskfagleg arbeid gjennom songen «Å eg veit meg eit land» (Barndomsminne frå Nordland).

Paa jakt etter orda

Har du lyst til å markere nynorskveka, men har ikkje så mykje tid? Her finn du ein enkel inngang til å markere nynorskveka ved skulen dykkar. Opplegget tek utgangspunkt i arbeid med nynorske ord, og legg opp til at elevane skal utforske og reflektere over språket. 

Aasen rappduell

La elevane lage ein språk-duell mellom Ivar Aasen og Knud Knudsen, i form av ein rapp-tekst, eit skodespel, ein video eller ein podkast.  

Teikn livet mitt

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide kreativt og utforskande med den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg, med særleg vekt på Ivar Aasen.

Nynorskbingo

I nynorskbingoen finn du varierte lese- og skriveoppdrag som elevane skal bli utfordra til å gjere. Bruk nynorskbingoen som inngang til å arbeide med nynorsk, og la oppdraga opne for gode samtalar om språk og språkbruk.

Koyr spraakdebatt

Å reflektere over statusen til språka i Noreg er ei viktig målsetting for elevane. Ved å førebu og gjennomføre eit rollespel der elevane får utdelt ulike roller, får elevane kunnskap om ulike synspunkt om språksituasjonen i Noreg i dag.  

Konkurransar

Gjer nynorskveka hendingsrik med skrivekonkurransar!

Over her finn du fleire forslag til skrivekonkurransar som kan gjennomførast både i klasserommet og på tvers av heile skulen. 

Når elevane får autentiske skriveoppdrag, kan det gjere noko med motivasjonen for tekstutforminga, for tekstane deira betyr noko utover klasserommet dei er skrivne i. Tekstane er dessutan korte, noko som gjer det overkomeleg for elevane å arbeide grundig med både innhald og språk, og å finpusse tekstane sine i revisjonsfasen. Korte litterære tekstar kan også gjere det lettare å kome i gang med å samtale om og analysere tekst. 

Tekstane eignar seg også godt til utstilling. Kortnoveller, nynorske mem og femlinjersdikt kan skape felles opplevingar og engasjement i skulekorridorane og i fellesområda elles. 

Hugs at de sjølve kan velje korleis de vil organisere konkurransane, anten innanfor klassen, på tvers av klassar, eller som ein større skulekonkurranse. Kanskje kan norskfagseksjonen eller leiinga ta ansvar for gjennomføringa av skulekonkurransen? 

La elevarbeida synast att på skulen. Når tekstane kjem opp på veggane og blir ein del av kvardagen, kan dei bli ein snakkis og gje elevane ei kjensle av meistring og stoltheit. Det er i denne prosessen mykje av læringa skjer. 

OBS: Ønskjer du å bruke Nynorsksenteret som ein ekstern fagjury i samband med ein av skrivekonkurransane? Ta kontakt med oss og gjer ein avtale på e-postadresse: innlevering@nynorsksenteret.no

OBS! Alle klassane som har arrangert ein av skrivekonkurransane våre i mai/juni 2026, kan sende inn publiseringsklare tekstbidrag – og bli med i trekkinga av ein pizzalunsj i klasserommet. 

For å vere med i pizzalunsj-trekkinga, vil vi at de samlar eit utval av bidraga i ein felles presentasjon. På det fyrste lysarket skal det stå namnet på læraren som har klassen, årssteg, og namnet på skulen. Alle bileta som er med i konkurransen, må vere lisensfrie og gratis til bruk. Send bidraga til innlevering@nynorsksenteret.no