Frå tekst til tribune – om Blix, språk og felles kulturarv

Kva har ein 130 år gammal nynorsk song med FK Bodø/Glimt å gjere – og kva kan livet og arbeidet til Elias Blix fortelje oss om det norske samfunnet? Dette undervisingsopplegget gir elevane ein konkret og engasjerande inngang til norskfagleg arbeid gjennom songen «Å eg veit meg eit land» (Barndomsminne frå Nordland). 

Blixikon

Gjennom undervisingsopplegget får elevane utforske korleis ein gammal tekst kan få nytt liv i dag, og reflektere over kva slags rolle felles salmar og songar kan spele i samfunnet. Som ein del av opplegget skal elevane lage eit eige visuelt uttrykk, til dømes ein film, som tolkar eller utfordrar innhaldet i songen. Bidraga kan sendast inn til konkurranse, og vere med i trekkinga av ein premie. I tillegg får elevane høve til å ta stilling til den aktuelle debatten om innhaldslister i norskfaget, og reflektere over kva tekstar som bør vere ein del av ein felles kulturell grunnvoll.

I opplegget finn du også ein fagleg introduksjon til Elias Blix gjennom ein lesetekst, og eksamensrelevante skriveoppgåver som let elevane reflektere over samanhengen mellom samfunn, språk, identitet og tilhøyrsle. Elevane skal også samanlikne teksten om Blix med «Nynorsk er maktkritikk» av Camara Lundestad Joof, og sjå nærare på korleis språk kan opptre som makt.

Opplegget er samla i ein PowerPoint og i ein lesetekst med tilhøyrande skriveoppgåver, og kan enkelt tilpassast tida du har til rådvelde. Arbeidet er forankra i kjerneelementa tekst i kontekst og språkleg mangfald, og legg til rette for at elevane både samtalar, samarbeider, utforskar og arbeider skriftleg.