På jakt etter orda
Har du lyst til å markere nynorskveka, men har ikkje så mykje tid?
Her finn du ein enkel inngang til å markere nynorskveka ved skulen dykkar. Opplegget tek utgangspunkt i arbeid med nynorske ord, og legg opp til at elevane skal utforske og reflektere over språket.
Først skal elevane velje ut favorittorda sine på nynorsk og lage eigne ordplakatar som dei skal henge opp på fellesområdet på skulen. Deretter skal dei gå på ordjakt i same området. Elevane får også høve til å bruke orda som inspirasjon i ei valfri skriveoppgåve.
I tillegg skal elevane finne fram til fakta om nynorsk språk og språkhistorie, som dei formidlar gjennom eigne «Visste du at?»-plakatar. Arbeidet blir avslutta med ein felles samtale i klasserommet, og gjerne ein kviss basert på det elevane har lært.
Dette er lågterskeloppgåver som er enkle å ta i bruk, men som samstundes legg til rette for både utforsking, refleksjon og engasjement rundt nynorsk. Saman med arbeidet med skrivekonkurransane og nynorskbingoen kan dette vere ein fin måte å markere nynorskveka på.