​​Natursti og herbariet til Ivar Aasen​

Gå ein natursti og samle plantar saman. Etterpå kan de plukke blomar, presse dei og lage dykkar eige herbarium, akkurat slik Ivar Aasen gjorde. 

Aasen blomar nett

Då Ivar Aasen vaks opp, brukte han uteområdet rundt heimegarden mykje. Der gjette han sauer, der leika han, og der bygde han lauvhytter. Han plukka heilt sikkert mange fine blomar der også. 

På Ekset, 3 kilometer frå heimgarden, var der eit bibliotek då Ivar Aasen vaks opp. Det besøkte han ofte, og der brukte han å sitje og lese bøker. Han var spesielt interessert i ei bok som heitte Flora Danica. Dette var ei bok som handla om plantar og namnet på plantane. Etter kvart tok han til å samle på plantar han fann, presse dei og finne ut kva plantane heitte. Då han vart vaksen, laga han seg ei flott plantesamling som ein kan sjå inne i utstillinga i Aasentunet. De finn også ein nettversjon av plantesamlinga på Digitalt museum

Natursti med flora og oppgåveark

Her finn du ein natursti med sju postar. Kvar post viser bilete av ein plante som barna skal finne namnet på. Posten må plasserast nært den aktuelle planten, slik at barna finn han før dei går vidare til neste post. For kvar post barna kjem til, er der eit bilete av ein plante som dei skal finne og finne namnet på. Ta gjerne med ein pose som barna kan putte plantane i. 

For å finne namnet på planten, kan elevane bruke denne floraen. Floraen kan du skrive ut og dele ut før barna går naturstien. Her finn barna namn og bilete av planten. I floraen finn de også nokre tekstar frå barnelitteraturen. 

Plantar i barnelitteraturen

I nynorsk barnelitteratur finn vi mange vakre naturskildringar. I floraen finn de nokre utdrag frå nynorske barnebøker som beskriv plantane. Les tekstane og be elevane sjølve beskrive vekstar i naturen i forteljingane sine.  

Lag eit herbarium

Å samle plantar til eit herbarium er ein kjekk aktivitet å gjere ute no om våren. Ta ein tur ut og plukk med dykk blomar de finn, tilbake til skulen. Press blomane og lag fine bilete, kort eller plantesamlingar. 

Lær kule ting i biblioteket

Ivar Aasen fekk aldri noka universitetsutdanning. Likevel var han ein av dei mest boklærde mennene i Noreg medan han levde. Det meste av kunnskapen tileigna han seg sjølv gjennom å lese bøker på biblioteket.

Be barna finne eitt eller fleire tema dei har lyst til å lære meir om. Kontakt skulebibliotekaren eller det lokale folkebiblioteket, og be dei leite fram nynorske bøker om desse temaa. Besøk biblioteket og les dykk til ny kunnskap.