Årshjul og merkedagar
Her finn du ei oversikt over opplegg og tekstar som høver for ulike årstider og merkedagar.


-
August/september: skulestart
På denne tida bognar det av frukt i hagane og bær i skogen, og ofte er det fint å vere ute. Nynorsksenteret har mange undervisningsressursar som tek utgangspunkt i naturen, og dei kan godt brukast utandørs. Desse ressursane fylgjer årstidene med boktips og undervisingsopplegg. Tunkatten Lurivar har også ei eiga songbok, med mange songar som høver til ulike årstider.
Treng du bøker til høgtlesing?
På nynorskbok.no og lesedigg.no kan ein finne tips til bøker som høver for barn i ulike aldrar. Bøkene om Teo kan til dømes passe fint som høgtlesingsbøker gjennom det første skuleåret.
-
Oktober/november: haust
Halloween
-
Desember: jul og advent
Juletips
Her har me samla eit utval tips om nynorske bøker, songar og teikneseriar som handlar om jula.
Jakob og Neikob og det tomme rommet (1.–4.)
I boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai vil dei to venene skaffe seg ein ny sambuar. Dei møter ein velkjend kar med raude klede og kvitt skjegg. Tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, samfunnsfag og musikk.
Lucia
Songen om Sankta Lucia finn du i nynorskutgåve, med og utan song, i songboka til tunkatten Lurivar.
Bokkalender
Kvifor ikkje lage ein lesekalender i adventstida? Lån 24 biletbøker på biblioteket, pakk dei inn, og les ei bok høgt kvar dag fram mot julaftan.
-
Februar: samisk nasjonaldag og vinterferie
Snøleikar på nynorsk!
Framtida Junior har mange interessante artiklar, og i februar kan det vere kjekt å lese om tips til snøleikar.
Samiske matoppskrifter
-
Mars/april: påske og vår
Lærarark til påskeord-oppgåva (med fasit)
Påskekylling
Vil du lage ein påskekylling med elevane dine? Framtida Junior har ei oppskrift på ein gul og loden påskekylling. La elevane lese oppskrifta, og kanskje kan dei lage eigne oppskrifter etter mønsteret frå avisa?
-
Mai: nasjonaldagen 17. mai
17. mai-ressursar
17. mai
I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.
Fossekallen
Fossekallen kan visast på skjerm eller skrivast ut, og passar godt å lese høgt på 1.–4. trinn rundt nasjonaldagen. Hilde Myklebust har skrive forteljinga, og Inger Lise Belsvik har laga illustrasjonane
Andre mai-ressursar
Himmelspringaren
I mai er det mange dyr som får sleppe ut på beite. Grøne bakkar med yndige lam prydar landskapet mange stader i Noreg. Boka Himmelspringaren handlar om lam, men også om å skilje seg ut, og at det å vere annleis kan vere ein styrke. Dette Bok på 1-2-3-opplegget er tverrfagleg og tek utgangspunkt i temaet «Folkehelse og livsmeistring». Men temaet dreg også vekslar på fag som norsk, KRLE og kunst og handverk. Les boka, og set av rikeleg tid til lesestopp undervegs. Kanskje kan ein tove fine lam av ull og henge opp i klasserommet?
Bjørkebokstavar
Eit anna tydeleg vårteikn er nye, grøne blad på trea! Boka Bjørkebokstavar er ei diktsamling av Hilde Myklebust. Undervisningsopplegget tek utgangspunkt i faga norsk, naturfag og KRLE. Elevane får lese, samtale og delta på ein «Bjørkebokstavbingo», som også er ein natursti ute i naturen. Opplegget inneheld også tips om korleis ein kan lage brus av bjørkeblad.
-
Juni: sommar
Juni kjem med lyse netter under lauvtunge tre, og skuleåret lir mot slutten. Framtida Junior har samla nokre kjekke sommaraktivitetar som kan prøvast ut, mellom anna finst det ein kjekk turbingo på sida. Artikkelen kan også høve som lesetekst.
Og så var sommaren komen! Lange, lyse, ubrukte dagar som ein kan fylle med alt ein har lyst til! Og kanskje har du lyst til å lese? Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle born i 1. – 7. trinn som biblioteka arrangerer. Den varer frå 1. juni til 31. august. Ta ein tur på biblioteket, finn gode nynorske bøker og oppfordre dei føresette til å melde barna sine på Sommarles før ferien byrjar.