Nynorsk tekstbank

Sjølv om vi har eit rikt utval av nynorske tekstar til alle målgrupper og sjangrar, kan det vere utfordrande å finne dei ein treng, i jungelen av tekstar på bokmål og nynorsk. Det er heller ikkje alt som ligg ope og gratis på nettet. Her har vi leita fram ei samling av tekstar som er tilpassa 1.–4. trinn. Tekstane er gratis å ta i bruk. Nokre passar det best å skrive ut, medan andre fungerer godt som vising på storskjerm.  

Fin flott og fantastisk ikon
Fin, flott og fantastisk

Ei forteljing (med tilhøyrande aktivitetar) om å gle seg til å verte til noko anna. Skriven og illustrert av Anna R. Folkestad.

Flaskepost frå godtepiraten ikon
Flaskepost frå godtepiraten

Ei forteljing (med aktivitetar) om laurdagsgodt og skattejakt, skriven og illustrert av Anna R. Folkestad.

Hoppetauhopping Ikon
Like bra som ei ku

Ei forteljing (med tilhøyrande kryssord) av Anna R. Folkestad om korleis ein kan lære seg å hoppe hoppetau. I alle fall viss ein er skikkeleg heldig og møter ei hoppetauhoppande ku på veg heim frå skulen.

Det runde problemet ikon
Brettebøker

Forfattarane Erna Osland, Asbjørn Rydland, Martine Grande og Vegard Markhus har laga ei samling med små forteljingar. Tekstane ligg ute som brettebøker, slik at borna kan skrive ut ark og sjølve brette dei til bøker.

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.

Barnebursdag Kvadrat
Spørjeord-dikt

Dette vesle diktet inneheld orda kven, kvar, kva, kvifor og korleis, og det kan dermed nyttast som ein del av arbeidet med nynorske spørjeord.

Bokstavsommaren Ikon
Bokstavsommaren

Denne bokstavforteljinga kombinerer utforsking av fjøra med utforsking av bokstavane. Her finn du heile boka som tekst på nett, som PDF til utskrift og som innlesne lydfiler. Boka er skriven av Erna Osland og illustrert av Inger Lise Belsvik.

Fossekallen IKON
Fossekallen

Fossekallen kan visast på skjerm eller skrivast ut, og passar godt å lese høgt på 1.–4. trinn rundt nasjonaldagen. Hilde Myklebust har skrive forteljinga, og Inger Lise Belsvik har laga illustrasjonane

Tunkatten Forteljingar
Forteljingar på sida til tunkatten Lurivar

På sida til tunkatten finn du forteljingar skrivne av forfattarar som Maria Parr, Lars Mæhle og Erna Osland. Forteljingane finst både i skriftleg form og som innlesne utgåver.

Dei Tre Oksane Kvadrat
Fleirspråklege forteljingar

Å lese den same forteljinga på morsmålet og på andrespråket støttar språklæringa. På sida til NAFO finn du eit utval forteljingar på nynorsk og mange andre språk.

Framtidajr Logokvadrat
Framtida junior

Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Her finn du dagsaktuelle nyhendesaker tilpassa målgruppa, interessante kultursaker, bokmeldingar, kvissar og mykje meir. Det er også høve til å sende inn eigne bokmeldingar, meiningar eller andre tekstar til avisa.

Lydbok2
Lydbøker og punktskriftbøker på nynorsk hjå Tibi

Har du elevar i klassen som treng lydbok eller punktskriftbok? Her finn du eit oversyn over nynorske lydbøker og punktskriftbøker for barn i biblioteket til Tibi (tidlegare NLB).

Biletboker
Nynorske biletbøker på nett

Her finn du eit stort utval av nynorske biletbøker du kan lese gratis på nett.

Eventyr
Eventyr på nett

Eventyr, fablar og segner i nynorsk utgåve.

Barnebok Kvadrat
Barnebøker for Norge

Sida Barnebøker for Norge gjer 40 forteljingar frå African Storybook tilgjengelege på dei største innvandrings- og flyktningspråka i Noreg, i tillegg til nynorsk og bokmål.

Vaffelhjarte ikon NRK
Barneprogram med nynorsknær tale

Liste over barneprogram med nynorsknær tale på NRK Super.