Lesing og skriving av skjønnlitteratur
Barn lærer skriftspråk både gjennom å lese og å lytte til tekstar. Når elevane skal lære å lese og skrive nynorsk, er det difor viktig at dei får sjå og høyre mange tekstar på nynorsk. Både høgtlesing, samlesing og individuell lesing av nynorske tekstar vil hjelpe elevane å lese og skrive nynorsk. Dersom elevane skal bli flinke til å skrive nynorsk, treng dei mengdetrening. Tilpassa og kreative skriveoppgåver kan gjere elevane engasjerte og gje dei oppleving av meistring. Dersom dei meistrar språket, er det også kjekkare å skrive det.
Her finn du undervisningsopplegg til nynorsk skjønnlitteratur for elevar på småskuletrinnet, og oppgåver der elevane får skape enkle tekstar sjølve.
La elevane lage podkast med boktips
I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.
Ferda til Boktopia – leseaksjonar i barneskulen
Denne idébanken kan gje idéar og vere til hjelp når du skal planlegge leseaksjonar. Nedst i ressursen finn du eit døme på ein ferdig leseaksjon: Ferda til Boktopia.
Ta elevane med inn i litteraturen
Lærar Guro Landa Eikeland ved Flekkerøy skole gjev deg tips til korleis du kan arbeide med bøkene til Maria Parr.
Eit år med lesemoro
Ark med leseutfordringar til elevane – eitt for kvar månad – som kan vere med på å bygge ein lesekultur og skape positive haldningar til lesing!
Bok i bruk: Flekkmonsteret bygger harefelle
Ein dag bestemmer det vesle Flekkmonsteret seg for å byggje ei harefelle. Det går ikkje heilt etter planen. Animert lydbok og bok-i-bruk-opplegg for 1.–4. trinn.
Jon Fosse i barneskulen
Har du lyst til å lese Jon Fosse i barneskulen? Her er to undervisingsopplegg med utgangspunkt i barnebøker av Jon Fosse.
Korleis formidle bøker til barn?
Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus har nokre tips til dei som skal formidle bøker til barn.
Film: Den vaksne mellom boka og barnet
Er du komfortabel med å lese høgt for elevane? Hege Holmquist Synnes gjev nokre døme på korleis ein kan lese høgt for elevar.
Lag ei brettebok
Slik kan elevane lage eigne brettebøker.
Diplom
Her kan du laste ned diplom til bruk i leselystaksjonar.
Leseland – bøker for fleire nivå og ulike interesser
Å kunne lese med flyt handlar om å avkode bokstavane og samstundes hente ut innhaldet i teksten. For å klare det, må teksten vere på eit passeleg nivå, sidan vanskegrad og ordmengde kan påverke leseflyten til begynnarlesaren.
Bøker med undervisingsopplegg for 1.–4. trinn
Oversyn på Nynorskbok.no over nynorske bøker for 1.–4. trinn som har tilhøyrande aktivitetar, opplegg eller lærarrettleiing.
Haugtussa som barnelitteratur
Sjå korleis 2.–4. klasse på Våland skole i Stavanger arbeidde med Haugtussa i eit sidemålsprosjekt.
Bok på 1-2-3
Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.
Til nokre av opplegga ligg boka eller utdraget ute på nett.
Boktips