Lesing og skriving av fagtekst
Barn lærer skriftspråk både gjennom å lese og lytte til tekstar. Når elevane skal lære å lese og skrive nynorsk, er det difor viktig at dei får sjå og høyre mange tekstar på nynorsk. Både høgtlesing, samlesing og individuell lesing av nynorske tekstar vil hjelpe elevane med å lese og skrive nynorsk. Dersom tekstane er om eit tema elevane er interesserte i, aukar engasjementet og lysta til å lese og skrive.
Dersom elevane skal bli flinke til å skrive nynorsk, treng dei mengdetrening og gode modelltekstar. Tilpassa og meiningsfulle skriveoppgåver kan gjere at elevane får lyst til å skrive, og gje dei oppleving av meistring. Dersom dei meistrar språket og sjangeren, er det også kjekkare å skrive.
Her finn du undervisningsopplegg til nynorske fagtekstar for elevar på småskuletrinnet og oppgåver der elevane får skrive enkle fagtekstar i ulike sjangrar.
Tilpassa leseopplæring på 3.–6. trinn: Å gå seg vill
«Kva gjer vi om vi går oss vill i skogen?» heiter teksten i dette undervisingopplegget. Temaet engasjerer elevane, og oppgåvene legg opp til at dei skal lese og reflektere over emnet og bruke det dei har lært, i ulike kreative skriveoppgåver.
Tilpassa leseopplæring: tekstar om kjæledyr
Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn med utgangspunkt i nynorske tekstar om kjæledyr.
Skriverammer for utedagbøker
Treng du idear og tips til korleis du kan bruke skriverammer som inngangsport til den første skrivinga? Denne ressursen tek utgangspunkt i tekstar som elevane skriv i samband med uteskule.
Film: Drama og fagskriving
Skodespelar Adele Duus inspirerer til fagskriving og viser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein inngang til fagskriving for 3.–4. trinn.