Tverrfagleg temaarbeid

Livet er ikkje delt inn fag. Opplæringa skal ruste elevane til å bruke kompetansen sin i ulike arbeids- og livssituasjonar. Når vi arbeider med tverrfaglege tema, bruker vi kompetansen vi lærer i dei ulike faga, og vi arbeider meir livsnært enn ein gjer i den faginndelte opplæringa i skulen.   

Her finn de tverrfaglege undervisningsopplegg som legg vekt på å utvikle elevane sin nynorske lese- og skrivekompetanse.  

Flodhestikon

Undervisningsaktivitetar baserte på biletboka Eventyret om flodhesten. Elevane får vere leikande, skapande og utforskande gjennom praktisk-estetiske læringsprosessar og arbeidsformer. Barnelitteratur, song, songleik, rollespel og praktiske aktivitetar er sentrale delar i ressursen.

Klinkekuler Ikon

Dette undervisningsopplegget er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon med litterære og matematiske innslag. Ressursen legg til rette for litterær samtale og lar elevane undre seg og prate om det å tape og vinne. Kanskje oppdagar dei nokre viktige erfaringar om seg sjølv.

Skrivekrok Ikon

Denne læringsressursen er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon med skriftspråkleg undring og oppdaging. Elevane skal samarbeide, leike, sortere, telje, lese og skrive. 

Chris lawton c0r Ih0n FTFU kvadrat

Dette tverrfaglege opplegget har året som tema og tek føre seg månadene, årstidene, dyr, naturen og aktivitetar som ein knyter opp til dei ulike årstidene.

Takksemdstre ikon

Denne undervisningsaktiviteten handlar om å vere takknemleg og reflektere over kva ein er glad for. Elevane skriv noko dei er takknemlege for, på eit haustblad. 

Kven blir vennen din ikon

Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn med utgangspunkt i nynorske tekstar om kjæledyr.

Flagg og blaa himmel kvadrat

I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.

Slipsslange Ikon

I denne ressursen får elevane samtale, utforske, lese, skrive og vere aktive både inne i klasserommet og ute. Oppgåvene og aktivitetane tek føre seg kompetansemål i norsk, naturfag, samfunnsfag, mat og helse og kunst og handverk etter 4. trinn.

Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.

Til nokre av opplegga ligg boka eller utdraget ute på nett.